Klar for ei fornying med topp nettfart og ny tv-platform?

Er du klar for ei fornying av abonnementet ditt? Vi har særs mange kundar som har både Internett og TV-abonnement hjå oss. Teknologien utviklar seg i ein rasande fart, og nye produkt og tenester er no tilgjengeleg på TV marknaden. Vi kan no tilby ei oppgradering av eksisterande TV og internett abonnement for kr 990 […]
PRESSEMELDING FRÅ KVINNHERAD BREIBAND

Oppstart fiberutbyggjing på Baugstranda og Skorpo.Det er med stor glede vi kan melde at det blir oppstart av fiberutbyggjingpå Baugstranda. Materiell er bestilt inn, og BKK vil starte opp medstrekkjing av linjer til stamnettet august/september i år. Påkopling avabonnentar vil starte våren 2022.Det er kome ekstra løyvingar og nye ordrar som gjer at anleggsbidrag til […]
GLEDE PÅ ØLVESTVEIT

GLEDE PÅ ØLVESTVEITEg tok ein liten prat med Stein Olav Ølvestveit for å bringa nyhende om oppstart på breibandsutbyggjinga. Ølvestveitbonden, Bondekompanisjefen og familiemannen var glad for å få denne meldinga. Han var heilt klar på at dette ville ha mykje å seie for dei. Dei er 6 i husstanden som alle er nettbrukarar, så i dag […]
Film og serietips!

Serie-bonanza inn mot sumarenMai har vore ein månad med drøssevis av spanande seriar. Få med deg dei morosame episodane om Pørni, sjå sesong 2 av dansemusikalen Pose som har fått heile 8,6 på IMDM, eller kva med å fortsetje dramaet i Billions i sesong 5? Vil du lese litt om seriane så trykk her. Fredagskvelden […]
Oppgradering til ny nodeteknologi

Tysdag 25.05 og 01.06 skal ytterlegare to nodar (=teknisk hytte) oppgraderast med ny teknologi. Alt av teknisk utstyr blir oppgradert til nyaste sort, og vi vil som resultat av dette kunne tilby (dei som ynskjer det) nettfart med enorme kapasitetar.Vi førebur oss på framtida og “riggar” nettet med nytt teknisk utstyr for å ivareta god […]
Eliteserien 2021, er du klar?

Eliteserien er i gang, og vi er mange som har eit favorittlag vi gjerne vil fylgje. Har du Telia TV & Strøyming 50 eller 110 poeng får du tilgang til kampane om du har Europsport-pakken (20 poeng) i fritt kanalval. «Alt av norsk fotball – og mykje meir! Med alle Eurosport-kanalane får du sett alt […]
Prosjekt med fiber til folket!

God påske til alle gode Baugstrendingar, Skorpefolk og Snilstveitøyingar! Kvinnherad Breiband vonar å komme i gang med fiberutbyggjing til Skorpo allereie til sumaren. Baugstranda kan (om antal bestillingar aukar) starte opp med utbygging av stamnett allereie til hausten. Snilstveitøy ligg også klar men på vent, men her vil det truleg ta ein del lengre tid […]
Til lands og til vanns.…

Tysdag 19. januar heiv vi oss rundt og la fiberkabel på langs av heile Opsangersvatnet, over 3,5 kilometer. Kabelen vart lagt oppå isen, som viste seg å vere 20 cm tjukk stort sett over heile linja. Arbeidet vart gjennomført med god maskinkraft frå BKK og rein muskelkraft frå montørane i Kvinnherad Breiband. Isen var på […]
Enighet med NENT

Siste nytt frå 26.03 Partene er enige om en ny langsiktig distribusjonsavtale som sikrer norske Telia-kunder tilgang til alle NENT sine kanaler og strømmetjenester. Kanalene og strømmetjenestene vil være tilbake i Telias TV-pakker i løpet av ettermiddagen fredag 26. mars. Utdrag frå Telia si nettside Akkurat nå pågår det forhandlinger med NENT, som er leverandør av blant […]
Breiband til Baugstranda, Skorpo og Snilstveitøy

Hausten 2020 la Kvinnherad kommune ut konkurranse for breibandsutbygging til Baugstranda, Skorpo og Snilstveitøy. Kvinnherad Kommune vart tildelt offentlege midlar frå Nkom til utbygging av breiband til desse prosjekta.Like før jul fekk vi melding om at vi var vald til leverandør i samband med utbygging av breiband til desse bygdane.Denne utbygginga består av eit spleiselag […]