Med fiber frå Kvinnherad Breiband og TV frå Telia er du sikra den beste brukaropplevinga og har full fridom til å skreddersy din eigen TV-kvardag.
Du får ei verd av moglegheiter og vi har alle TV-kanalane du måtte ønske deg. Du finn garantert det innhaldet du vil sjå.
Direkte tv eller strøyming, du får begge deler hjå oss.
Velkommen til di heilt personlege TV-oppleving!
Kva likar du?
Hos oss står du fritt til å sette saman TV-pakken som passer deg best. Du kan velje mellom mange kanalar, strøymetenester og filmtenester, som du legg til og trekker frå akkurat som du sjølv vil.
Pakkane våre
TV & Strøyming — 50 poeng
Kr 549,- pr. mnd. Du har 50 poeng til disposisjon.
Med TV & Strøyming — 50 poeng har du alltid dei mest populære TV-kanalane, norske kvalitetsfilmar, digital radio og musikktenesta Stingray inkludert.
60 ekstra poeng, totalt 110 poeng
For kr 150,- pr. mnd. i tillegg til TV & Strøyming — 50 poeng. Dvs. at du har 110 poeng til disposisjon totalt. Pris per månad er kr 699,-.
Med 60 ekstra poeng får du plass til endå meir i TV-pakken og du slepp å velje mellom Eliteserien, HBO Nordic og Viaplay.
Fast innhald — alltid inkludert
Du har fast tilgang til dei norske kanalane. Desse kan ikkje veljast bort og blir ikkje rekna som ein del av poengpotten.

Førehandsvalt innhald
Desse kanalane har vi førehandsvalt for deg. Du kan enkelt byte ut med anna innhald om du vil.

Valfritt innhald
I pakken TV og Strøyming — 50 poeng, har du 50 poeng til rådigheit — under finn du alle TV-kanalar og strøymetenste du kan velje inn i TV-pakken din.
Strøymetenester

Enkeltkanalar


Kjøp ekstra poeng
Du kan bygge på TV & Strøyming — 50 poeng med ekstra poeng så slepp du å velje bort noko. For berre kr 25,- ekstra per månad får du 10 ekstra poeng som du kan bruke i Valmenyen. Fyll på via bestillingsskjemaet under Endring TV-pakkar.
Les meir om TV & Strøyming frå Telia her
Meir underhaldning
Vil du har meir underhaldning? Med Filmleige, våre arkivtenester og premiumkanalar får du alt du kan ønske deg innan sport, film og seriar.
Meir TV?
Med Telia 60 poeng ekstra får du 110 poeng å velgje i.
60 ekstra poeng til kr 150 ekstra per månad (110 poeng totalt) Pakkepris med Fiber 500, kr. 1249,- per månad. Mykje for pengane!
Med 110 poeng kan du til demes ha Netflix 50 poeng og HBO 40 poeng i pakken din, og framleis ha 20 poeng til andre kanalar du ynskjer.
Ander populære strøymetenester du kan velgje er mellom anna Viaplay 45 poeng, C More film og seriar 20 poeng, Fox+ 10 poeng, Nordisk Film 10 poeng, SF Kids 10 poeng, Paramount+ 10 poeng (syner mellom anna Yellowstone), Viasat Film Favoritter 5 poeng, Curio 5 poeng (natur og dyreliv) National Geografic Now 5 poeng, Cirkus 5 poeng (britiske seriar), samt ei rekkje enkeltkanalar.
Du kan byte når du vil og dermed ha tilgang til eit stort innhald av underhaldning til fast pris hjå din lokale leverandør. TV2 Play er med i basispakken.
Teliaplay gjer deg muligheten til å ha med deg heile underhaldningspakken på reise, på hytta eller på campingplassen. Du kan og laste ned innhald før du reiser for å sjå offline dersom det ikkje er nett der du skal på tur.
Ta gjerne ein telefon til oss for å finne den rette pakken for deg. Halv pris på oppgradering ut august om du må byte dekoder.
Meir fart og meir TV til hyggjelege prisar!
Lyst på andre kanalar?
Du kan enkelt endre kanalpakken din ved å gå til:
Logg inn på “Mi side“
Du står fritt til å endre innhaldet i TV-pakken din innanfor dei poenga du har i abonnementet.
Med TV & Strøyming — 50 poeng har du 50 poeng til rådigheit, og du kan alltid kjøpe fleire poeng ved å kontakte kundesenteret vårt.
For bestilling av utvida tv-pakke må dette gjerast via fjernkontrollen eller ved å sende e‑post til post@kband.no.
Slik vel du kva du vil sjå:
- Gå inn på kband.no
- Logg på Mi Side med brukarnamn og passord.
- Gå deretter inn på din breibandskontrakt og velg deretter “kanalvelger”
- Klikk på linken “Gå til Get TV kanal velger her”
- Velg kanalane eller innhaldet du ønsker
- Trykk Bekreft valg.
Innhaldet blir ofte tilgjengeleg umiddelbart, men det kan ta inntil 3 timar før kanalane blir aktive frå du legg dei inn.
Du står fritt til å endre innhaldet i TV-pakken din innanfor dei poenga du har i abonnementet. Med TV & Strøyming — 50 poeng har du 50 poeng til rådigheit, og du kan alltid kjøpe fleire poeng ved å kontakte kundesenteret vårt.
Hels på marknaden sin råaste TV- og strøymeboks
Telia box er liten og diskrét, men med stort potensiale. Den er faktisk den kraftigaste TV-boksen på den norske marknaden!
NB! Innhaldet på TV box Mikro, TV box II og TV box HD PVR er ikkje endra i samband med at Get har blitt til Telia.
Tusenvis av appar
Last ned favoritt-appane dine fra Google Play Store. Netflix*, Youtube og NRK TV er allereie installert på Telia box.
* Forutset Netflix-abonnement

Lett å finne fram til det du vil
Med eit felles søk på tvers av alt innhald frå alle TV-kanalar, strøymetenester og appar du har lasta ned, finn du raskt fram til det du leitar etter.
Telia box rockar testpanela
Tilbakemeldingane frå dei som har testa Telia box har vore veldig positive. DinSide gav Telia box terningkast 5 og status som anbefalt produkt. Lyd & Bilde gav den nye boksen 5/6 og merka den som “spesielt anbefalt produkt”.
Fleire anmeldelsar av Telia box (tidlegare Get boX):
Anbefalt produkt — Din side
Alle kundar av Kvinnherad Breiband som har Telia Play, har all grunn til å glede seg til den nye dekodaren! Den nye Telia boksen blandar tradisjonell TV med strøyming, og det fungerer overraskande godt.

Sjå TV kvar du vil med Telia Play app


Som TV- og fiberkunde hos Kvinnherad Breiband kan du sjå på TV sjølv om TV-en i stova er opptatt, sjå nyheitene medan du lagar middag, eller la barna sjå på TV i baksetet på bilen. Med Telia Play app kan du søke, pause og spole. I tillegg kan du sette på opptak på Telia boksen.
Desse kanalane kan du sjå
Kanalane i appen vil spegle kanalane du har valt inn i pakken din. Logg inn på Mi side her for å sjå kva kanalar du har tilgjengeleg eller for å gjere endringar.
Sjå TV kvar du vil
Bruk nettbrettet i staden for å investere i ein ny TV på hytta eller på soverommet. Du har tilgang til dei fleste kanalene i TV-pakken din på nettbrett og mobil. Du kan også sjå filmar og seriar fra C More (abonnementsavhengig) i appen.
For å bruke Telia Play app treng du TV frå Telia og tilgang til internett. Tenesta er førebels inkludert i ditt TV-abonnement. Strøyming over 3G/4G (mobilnett) vil kunne medføre ekstra datatrafikk.
Gjer opptak, og sjå dei offline
Med opptak kan du spare på favorittinnhaldet ditt, og ta så mange samtidige opptak du vil. Opptaka blir tilgjengeleg i skya, og du kan nyte dei på tvers av alle einingar, uansett kva dings du er på. I tillegg kan du laste ned opptaka med offline-funksjonen, slik at innhaldet er tilgjengeleg sjølv om du ikkje har tilgang på internett. Du kan også laste ned favorittfilmane og seriane dine frå dei fleste strøymetenestene — utan å bruke internett eller wifi.
Med opptak/skylagring får du:
- 500 timar opptak med skylagring
- Ta opp så mange ting du vil samtidig
- Ubegrensa levetid på opptaka
- Last ned og sjå opptaka offline på mobil og nettbrett
Sjå her korleis du gjer opptak

Ny og betre fjernkontroll
- Fjernkontroll med stemmestyring
- Eigen knapp tar deg rett til Netflix
- Enkel navigering mellom program og episodar
- Bluetooth-teknologi — bruk fjernkontrollen utan å sikte på boksen
- Mitt innhald — knapp som tar deg til dine opptak, filmar og serier, samt “min liste”, “fortsett å se” og mykje meir

Månadsprisar for Telia Play
TV & Strøyming — 50 poeng | 549,- |
60 ekstra poeng | 699,- |
TV 2 Sport Premium med C More Film og Serier | 449,- |
TV 2 Sport Premium | 399,- |
C More | 99,- |
Viasat Premium | 399,- |
Viasat Film og Serier | 229,- |
Viasport | 349,- |
Viasat Golf | 159,- |
Zee TV | 179,- |
HBO Nordic | 109,- |
TV Chile | 149,- |
Rikstoto Direkte | 199,- |
Kvinnherad Breiband tek atterhald om eventuelle endringar i pris og kanalutval i abonnementsperioden.