Om oss

Kvinnherad Breiband vart skipa i 2003 med det formål å byggja ut Internettbaserte tenester over fiber i Kvinnherad Kommune.

Vi har per i dag over 4250 kundar i heile Kvinnherad. Marknadsandelen på internettbaserte tenester er omlag 78 %.

Utbyggjingsgraden er omlag 99 %, det som står att er krevjande og det vil ta nokre år før vi har tilnærma 100 % dekning.
Kvinnherad Breiband er eigd 80 % av Kvinnherad Energi og 20 % av Fjelberg Kraftlag.
Tenester vi leverer på fiber er internett, tv frå Get og telefoni.

Kontaktinformasjon:
Kvinnherad Breiband AS Vikjo 7 5464 Dimmelsvik
Kundesenter tlf: 53 47 56 40 (ope kvardagar frå klokka 07:30 – 15:00).
Vakttelefon tlf 53 47 56 70 (bemanna frå klokka 15:00)
E-post: post@kband.no

Opningstider:
Kontoret er ope og bemanna alle virkedagar mellom kl. 07:30 og kl. 15:00, unnateke julafta, nyttårsafta og onsdag før skjærstorsdag då er kontoret er stengt.

Alle henvendingar disse dagane visast til døgnvakt.
Døgnvakt: Utover åpningstidene (etter klokka 15:00, kvardagar og helg) for kontoret visast alle henvendingar til døgnvakt. Vakthavande tar kontakt for feilretting så snart han/ho har ledig kapasitet.

Her møter du ein telefonsvarar og har høve til å leggja igjen beskjed som blir vidaresendt som e-post og sms til vakthavande sin PC / mobiltelefon.
Vakthavande tek då kontakt så snart det lar seg gjera og seinast neste arbeidsdag.

Servicevindu:
Kvinnherad Breiband har eige servicevindu natt til tysdag mellom kl 00.01 og kl. 06.00. Telefonnr. for døgnvakt er ikke betjent i kontortida.
Kritisk feilretting i fibernettet kan utførast dagleg frå kl. 06:00 – 06:30. Alt arbeid som berører våre kundar skal, om mogleg, varslast via sms/e-post eller via driftsmeldingar.