Oppgradering til ny nodeteknologi

Tys­dag 25.05 og 01.06 skal ytter­le­ga­re to nodar (=tek­nisk hyt­te) opp­gra­de­rast med ny tek­no­lo­gi.
Alt av tek­nisk utstyr blir opp­gra­dert til nyas­te sort, og vi vil som resul­tat av det­te kun­ne til­by (dei som yns­kjer det) nett­fart med enor­me kapa­si­te­tar.
Vi føre­bur oss på fram­ti­da og “rig­gar” net­tet med nytt tek­nisk utstyr for å iva­re­ta god kva­li­tet i fib­er­net­tet. Etter opp­gra­de­rin­ga kan vi til­by kun­da­ne 1000 mbps (1 Gig). Utsty­ret blir også opp­gra­dert med bat­teri­back­up (48v) for å iva­re­ta lengst mog­leg oppe­tid og drifts­trygg­leik i fib­er­le­ve­ran­sen.

Åkra 25.05
Arbei­det star­tar opp kl. 07:30 og er ven­ta fer­dig­stilt ca. kl. 15:00.
Innan­for det­te tids­rom­met vil alle våre kun­dar i det­te områ­det bli kob­la over på ein heilt ny tek­no­lo­gi, og det må med­rek­nast ei nede­tid på 0,5 ‑1 time (innan­for tids­rom­met kl. 07:30 — 15:00). Vi opp­gra­de­rar då ein kun­de om gon­gen over på ny fib­ers­nor, ny soft­ware på heime­sen­tral og ny posi­sjon på nytt utstyr (switch).
Hugs å for­mid­le den­ne infor­ma­sjo­nen til dei som bru­kar net­tet i din husstand. 

Tei­gen (Husnes/Valen) 01.06
Arbei­det star­tar ca. kl. 07:00 og er ven­ta fer­dig­stilt ca. kl. 15:00.
Våre kun­dar vil i hei­le det­te tids­rom­met vere utkob­la.
Her skal alt utsty­ret skif­tast ut sam­stu­des og det blir full utkob­ling.
Med tan­ke på den lan­ge utkob­lin­ga (ca. 8 timar) er det også særs vik­tig at du infor­me­rer alle i hus­stan­den din.
Man­ge job­bar på heime­kon­tor og må til­pas­se arbeids­da­gen deretter. 

Vik­tig info!
Det er særs vik­tig at utstyr levert av Kvinn­he­rad Brei­band (dvs din heime­sen­tral) står påkob­la straum den­ne dagen. Det blir sendt elekt­ro­nisk opp­da­te­ring i sys­te­met i sam­band med opp­gra­de­rin­ga.
Utsty­ret vil ikkje fun­ge­re etter opp­gra­de­rin­ga der­som strau­men er avslått.
For dei av kun­da­ne våre som har eige tråd­laust utstyr (smart-tv, ruter, iPad, mobi­lar, pc-ar, play sta­tion, med meir) vil det (etter opp­da­te­rin­ga) vere naud­synt med omstart.
Utsty­ret får då utdelt ny IP adres­se, og blir då ein del av vårt nye fib­er­nett.

Aksess­punkt (eige tråd­laust utstyr)
Der­som du har heime­sen­tral av type alli­ed tele­sys vil det (for dei fles­te) ikkje vere mog­leg å bru­ke eige aksess­punkt som tråd­laust nett (wifi).
Når du har aksess­punkt og har over 2 enhe­tar kob­la til (feks. tele­fon, data­ma­skin, smart-tv, iPad, osv.) vil ber­re 2 av des­se få IP.
I utgangs­punk­tet bru­kar alle kun­dar ber­re 1 Pub­lic IP som heime­sen­tra­len mot­tek. Den­ne deler der­et­ter ut eit lokalt nett som blir for­delt ut via Pub­lic IP for å kome seg vida­re ut på inter­nett. Den­ne “funk­sjo­na­li­te­ten” fun­ge­rar ikkje med eit aksess­punkt, diver­re. Dei aller fles­te har langt flei­re duppe­dit­tar dei yns­kjer å ha på nett, men med aksess­punkt stop­par det­te med ein enhet (øvri­ge kjem då ikkje på inter­nett).
Der­som du har aksess­punkt vil vi anbe­fa­le deg å ta kon­takt med lokal leve­ran­dør av elekt­ro­nisk utstyr (Power og Elkjøp for å nem­ne nokre) og opp­gra­de­re til ein ruter. 


Hugse­lis­te til deg som vår kun­de

1. Gi beskjed til alle i hus­stan­den (vik­tig for god plan­leg­ging!)
2. La strau­men stå på din fib­er heime­sen­tral (slik at vi kan sen­de opp­da­te­rin­gar)
3. Ta omstart av eige utstyr etter opp­gra­de­rin­ga (ny IP blir utle­vert)

Vi tar for­be­hold om at det kan opp­stå ufor­ut­set­te hen­din­gar som gjer at arbei­det kan ta leng­re tid enn plan­lagt.

Har du spørs­mål så kan du ta kon­takt med vårt kunde­sen­ter på tele­fon 53475640 (ope frå 07:30 — 15:00 kvardagar).

Det blir sendt sms til alle kun­da­ne etter omkob­lin­ga.

TVI TVI.