Sponsing

Kvinnherad Breiband skal vere ein engasjert samfunnsaktør der vi held til, og vi brukar sponsing som eit verkemiddel for å nå dette målet.

Vi har fire hovudmål med sponsorverksemda:

  • Merkevarebygging og synlegheit i lokalmiljøet
  • Forbedre kundelojalitet
  • Samfunnsansvar
  • Engasjement, stoltheit og motivasjon for tilsette

Vi ynskjer langsiktigheit i dei sponsorengasjementa vi er med på.
Dette for å få best effekt av dei investeringane som blir lagt ned i tid og pengar.

I hovudsak går vår støtte til:

  • Lag og foreiningar, med fokus på barn og ungdom
  • Små og store LAN
  • Bidrag innan teknologi som gir lokal merkevarebygging
  • Festivalar

Kvinnherad Breiband sponsar ikkje:

  • Klubbar, foreiningar og arrangement utanfor nedslagsfeltet vårt
  • Enkeltpersonar eller private føremål
  • Politiske eller religiøse føremål
  • Snevre prosjekt som kun er av interesse for enkeltgrupper/bygder
  • Reiseverksemd

Slik kan du søke om sponsorstøtte frå Kvinnherad Breiband

Skriv ein søknad til oss som inneheld informasjon om:

  • Kva organisasjonen driv med og kontaktinformasjon
  • Kva beløp de søker om
  • Korleis de vil nytte den støtta de søker om frå oss
  • Korleis ein ser for seg at eit samarbeid med oss skal vere
  • Kva for betydning samarbeidet vil ha for organisasjonen og oss
  • Framtidige mål for organisasjonen
  • SOME plan som inkluderer oss som sponsor

Fiber til forening eller klubb?
Visste du at vi tilbyr fiber organisasjon til kr 300 pr månad, og fri etablering i heile 2024/2025?
Dette rimelege abonnementet er vårt løpande sponsorbidrag til frivilligheita. Vi set pris på om du har logoen vår på heimesida om mogleg.

Forespørsel om sponsing kan sendast til post@kband.no - oppgi namn kontaktperson, telefonnr, organisasjonsnr og e-postadresse.

Alle søknadar med eventuelle vedlegg skal sendast
elektronisk til e-post: post@kband.no

Søknadsfrist 30. april
(merk at vi behandlar søknadar ein gong pr. år).

Spørsmål?

Kontakt Gunnhild Nilsen Hillestad på telefon +47 404 55 380.