Personvernerklæring for Kvinnherad Breiband

Retningslinjer for personvern

1. Om Kvinnherad BREIBAND AS

Eigar av den­ne nett­sida er: Kvinn­he­rad Brei­band AS Nett, Vikjo 7, 5464 Dim­mels­vik.
Epost: post@kband.no
Vårt org. nr er: NO 986 419 497 .

2. Føremålet med vår handsaming av personopplysningar

I sam­band med kunde­for­hold må vi inn­hen­te opp­lys­nin­gar som namn, adres­se, epost, tele­fonnr, orga­ni­sa­sjons­num­mer og anna nød­ven­dig infor­ma­sjon. Det­te er opp­lys­nin­gar vi ute­luk­kan­de nyt­tar for å hand­te­re ditt kunde­for­hold. Vi tek vare på opp­lys­nin­ga­ne så len­ge vi har eit kunde­for­hold. Du har rett til inn­syn, ret­ting og slet­ting av data vi har lag­ra om deg. Etter endt kunde­for­hold vil vi ta vare på data så len­ge vi ser det hen­sikts­mes­sig for å hjel­pe deg med even­tu­ell his­to­rikk om du skul­le ha behov for det.

3. Utlevering av personopplysningar til tredjepart

Utle­ve­ring av per­son­opp­lys­nin­gar vil ikkje skje, med mind­re det føre­ligg lov­be­stemt opp­lys­nings­plikt ovan­for offent­le­ge myndigheiter.

4. Kunderegister

I vårt kunde­re­gis­ter lag­rar vi nor­malt namn, fød­sels­dato, bustad­adres­se, epost­adres­se og tele­fon­num­mer. Vi lag­rer infor­ma­sjon om tenes­ter og pro­dukt du har kjøpt hjå oss.

Det­te er infor­ma­sjon vi treng for å kun­ne opp­fyl­le vår avta­le med deg, admi­ni­stre­re ditt kunde­for­hold, leve­re og fak­tu­re­re pro­dukt og tenes­ter kor­rekt. Infor­ma­sjo­nen blir lag­ra i vårt kunde­sys­tem så len­ge det er ten­leg for oss. Yns­kjer du å få over­sikt over kva vi har lag­ra og evt. bli slet­ta frå vårt kun­der­re­gis­ter, sjå kapit­tel 5 Bru­kar­kon­to Min Side og kapit­tel 12 Inn­syn, ret­ting og slet­ting av per­sonin­for­ma­sjon under.

5. Brukarkonto Min side

Vi sam­lar inn kunde­in­for­ma­sjon i sam­band med opp­ret­ting av bru­kar­kon­to på kband.no. Alle opp­lys­nin­gar som er inn­hen­ta frå bru­ka­ren er til­gjen­ge­le­ge på MiSide, og kan kor­ri­ge­rast av bru­ka­ren der. Vi tek atter­hald om at nokre end­rin­gar kan kre­ve god­kjen­ning før dei vert aktiverte.

6. Informasjonskapslar

kband.no nyt­tar infor­ma­sjons­kaps­lar, også kalt cookies, på nett­si­de­ne. Ved å bru­ke nett­sida vår sam­tyk­ker du i at vi kan set­je des­se i din nett­le­sar. Cookies er stan­dard Inter­nett-tek­no­lo­gi som dei aller fles­te nett­sta­der nyt­tar. Vi nyt­tar den­ne kunn­ska­pen for å til­by deg ei bet­re kunde­opp­le­ving nes­te gang du kjem til nett­sida vår. Dei fles­te nett­le­sa­rar, som Ope­ra, Inter­net Explo­rer, Fire­fox, Safa­ri etc, er inn­stilt slik at cookies blir aksep­tert auto­ma­tisk. Om du ikkje ønskjer å aksep­te­re cookies må du sjølv end­re inn­stil­lin­ga­ne i din nett­le­sar. Merk at den­ne inn­stil­lin­ga kan føre til at man­ge nett­sta­der ikkje vil fun­ge­re optimalt.

7. Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida

Eigar: wordspress/Google Analytics

Føre­mål: Sam­le infor­ma­sjon om kor­leis besø­kan­de nyt­tar nett­sida. Vi bru­kar den­ne infor­ma­sjo­nen for å lage rap­por­tar for å bet­re nett­sida. Infor­ma­sjons­kaps­la­ne ano­ny­mi­se­rer all infor­ma­sjon. Dei sei­er noko om tal besø­kan­de på nett­sida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker.

Eigar: Vimeo

Føre­mål: Lagar sta­ti­stikk på vis­nin­gar og vis­nings­data på video­ar på sida.

Eigar: Yout­ube

Føre­mål: Lagar sta­ti­stikk på vis­nin­gar og vis­nings­data på video­ar på sida.

8. Informasjon i samband med kommunikasjon med oss

Vi lag­rar opp­lys­nin­gar gitt via din kom­mu­ni­ka­sjon med oss. Det­te er t.d. e‑postar du sen­der oss og pro­blem du rap­por­te­rar inn. Vi lag­rar den­ne infor­ma­sjo­nen for å gje deg best muleg ser­vice når du kon­tak­ter oss ved at vi kjen­ner his­to­rik­ken i ditt kundeforhold.

10. Kontaktskjema

Når du fyl­ler ut kon­takt­skje­ma på nett­sida lag­rar vi den­ne infor­ma­sjo­nen i vårt CRM-sys­tem. Den­ne infor­ma­sjo­nen vil vi lag­re for å kun­ne yte bet­re kunde­ser­vice. Vi etter­stre­bar å ikkje ta vare på dine detal­jar len­ger enn naud­synt. Yns­kjer du å bli slet­ta, sjå kapit­tel om Inn­syn, ret­ting og slet­ting av per­sonin­for­ma­sjon under.

11. Deling

Det er mog­leg å dele artik­lar på nett­sida i sosia­le medi­um (Face­bo­ok, Twit­ter). Vida­re hand­te­ring av data som blir delt i sosia­le medi­um, vert regu­lert av din avta­le med det aktu­el­le nettsamfunnet.

12. Innsyn, retting og sletting av personinformasjon

Etter per­son­opp­lys­nings­lo­ven § 18 har du som pri­vat­per­son krav på inn­syn i dei opp­lys­nin­gar som er regist­rert om deg. Inn­syn kan ein få ved å hend­ven­de seg til Kvinn­he­rad Brei­band AS på epost: post@kband.no.
Der­som regist­rer­te opp­lys­nin­gar er urik­ti­ge, ufull­sten­di­ge eller du yns­kjer å slet­te dine opp­lys­nin­gar, kan ein krev­je det­te i hen­hold til per­son­opp­lys­nings­lo­ven § 27.

13. Ansvarleg databehandlar

Dag­leg lei­ar i Kvinn­he­rad Brei­band AS er ansvar­leg for hand­sa­ming av per­son­opp­lys­nin­gar. Ved­ko­man­de er ansvar­leg for at det vert gjen­nom­ført intern­kon­trol­lar med omsyn til behand­ling av per­son­opp­lys­nin­gar, og at evt. avvik frå gjel­dan­de lov­verk blir meldt inn og ret­ta.
Vi etter­stre­bar til eik­var tid å føl­gje gjel­dan­de regel­verk for personvern.

Har du spørs­mål, ta kon­takt på post@kband.no