Dersom du velger både internett og TV frå Get får du gode rabattar.
Alle pakketilboda inkluderar skylagring inntil 500 t (opptak) i abonnementet.
Fyll heimen din med innhald frå TV Telia. Velg sjølv kva tv-kanalar du vil ha og kva nettfart som passar deg. I tillegg til valgfrie kanalar og internett tilpassa ditt behov kan du få 500 t lagring med Telia Sky (opptak). Velg den pakken som passar for deg.
Som kunde hjå Kvinnherad Breiband kan du velgje blant ulik netthastighetar, slik at du kan finne det alternativet som passar for deg og dine. Vi gjer deg full fleksibilitet til å gjere det du ynskjer på nett, strøyming av filmar og seriar, surfing og gaming.
NB! Tidlegare tripple play/totalkundefordel (dvs. fordel ved internett, tv og telefoni med høgare hastighet) utgår for alle våre kundar.
KB TRÅDLAUST
Wifi dekning kan ofte vere heilt avhengig av kva utstyr du har heime, og ikkje minst korleis det er plassert. Det er med andre ord fullt mogleg å ha eit raskt og stabilt breiband, samstundes som du opplever dårleg dekning. Vi kan tilby deg rett heimesentral, og ruter tilpassa din bustad.
KB TRÅDLAUST-pakken
For deg som bur i enebustad, gammalt hus, stor leilighet eller har wifi-problem enkelte plassar i bustaden. KB trådlaust med sin mesh teknologi sikrar 100 % trådlaus dekning og rekkevidde i bustaden din. Pakken består av inntil tre wifi-einingar som kun er 9 x 10 cm store. Hovudeininga må koblast direkte i modemet (heimesentral), og dei to andre blir plassert der behovet for betre wifi er størst. Mesh-nettverket skal gi full wifi-dekning i alle rom, stabilt og sikkert nett og er enkelt å administrere. Nettet blir kobla opp av teknikar/montør frå Kvinnherad Breiband.
Vi har per i dag over ca. 4800 kundar i heile Kvinnherad. Marknadsandelen på internettbaserte tenester er omlag 82 %.
Utbyggjingsgraden er omlag 99 %, det som står att er utbygging på Baugstranda, Skorpo og Snilstveitøy.
Er dette av interesse for deg så trykk her for meir informasjon.
Servicevindu for Kvinnherad Breiband
Kvar tysdag frå kl. 00:01 - 07:00. For planlagd arbeid i nettet ligg det varsel under driftsmeldingar.
Her kan du også abonnere med mottak av sms eller e-post for automatisk varsling.
Ved større arbeidsoperasjonar i nettet blir det ofte sendt sms/e-post til kundane på førehand.