GLEDE PÅ ØLVESTVEIT

GLEDE PÅ ØLVESTVEIT
Eg tok ein liten prat med Stein Olav Ølvestveit for å bringa nyhende om opp­start på breiband­sut­byg­gjin­ga. Ølvestveit­bon­den, Bon­dekom­panis­je­fen og fam­i­lie­man­nen var glad for å få denne meldin­ga. Han var heilt klar på at dette ville ha myk­je å seie for dei.

Dei er 6 i hus­standen som alle er net­tbrukarar, så i dag må det plan­leg­g­jast når nokon skal på nett, og det må stadig kjø­past nye dat­a­pakkar. Skal han lese nyhende må han stå tid­leg opp skal det vere kap­a­sitet til han. Skulear­beid og innlev­eringar frå dei unge går føre i køen.

Skulear­beid og innlev­eringar er krev­jande når til­gan­gen til nett er begren­sa og må delast på mange.
All data­trafikk går via mobi­labon­nement som er dyre med låg kap­a­sitet. Fastlin­jer er fråverande, det har heller ikkje vore tilbod over kopar­lin­jer som det har vore dei fleste andre stader.

Stein Olav er bonde og dag­leg leiar i Bon­dekom­pani­et og har myk­je datar­beid som må gjerast heimante, kona har syverk­stad i kjel­laren, så det er ein aktiv fam­i­lie med stort behov for sta­bilt nett med god kapasitet.

Det er heilt klart at breiban­det vil ha myk­je å sei for dagleglivet på den idyl­liske Ølvestveit­gar­den som ligg fritt og fint på Baugstran­da. Med sta­bilt oppegåande nett med god kap­sitet vil fam­i­lien slep­pa å ven­ta på tur for å gjera skuleabeid og arbeidsoppgåver.

Far kan lese nyhende når han vil, og ikkje minst opnar det seg ei heil verd av muligheter innan under­hald­ning og nyt­te­bruk som dei i dag ikkje har til­gang til. Me hadde ein god sam­tale Ølvestveit­bon­den og eg. Det er kjekt for oss som utbyg­g­jar å ende­leg få kome i gang med ei så etter­leng­ta utbyg­gjing. Og endå kjekkare for dei som bur her som ende­leg kan få dei same mulighetane som er ein sjølv­fyl­gje for dei fleste i dag.

Baugstran­da, no kjem vi!