Breiband til Baugstranda, Skorpo og Snilstveitøy

Hausten 2020 la Kvinnher­ad kom­mune ut konkur­ranse for breiband­sut­byg­ging til Baugstran­da, Sko­r­po og Snil­stveitøy. Kvinnher­ad Kom­mune vart tildelt offentlege mid­lar frå Nkom til utbyg­ging av breiband til desse pros­jek­ta.
Like før jul fekk vi meld­ing om at vi var vald til leverandør i sam­band med utbyg­ging av breiband til desse byg­dane.
Denne utbyg­gin­ga består av eit spleise­lag med Nkom-mid­lar (fylkesmid­lar), Kvinnher­ad Kom­mune og sel­skapet sine eigne investeringar i pros­jek­tet.
Dette pros­jek­tet vil sikra vik­tig infra­struk­tur i heile kom­munen, med tilnær­ma 100 % utbyg­gings­grad.
Inter­nett er ikkje lenger eit gode, men heilt naudsynt.
Ved utbyg­ging av breiband i desse byg­dane vil det vere med å skape moglegheit­er til å bu alle stad­er i Kvinnher­ad, og sam­stun­des kunne vere ein del av den dig­i­tale utviklin­ga som skjer i sam­fun­net. I til­legg vil dette vere vik­tig for at folk kan bu lengst mog­leg heime ved hjelp av omsorg­ste­knolo­gi.

Kva skal til for opp­start?

Til tross for at pros­jek­tet er tildelt 4.6 mill.kr i offent­leg stø­nad vil det fram­leis vere behov for ein god opp­slut­nad for opp­start.
Her opp­modar vi alle som har bus­tad, naust og fritids­bus­tad i området til å reg­istrere ei bestill­ing via heimesi­da vår, www.kband.no.
Det er spe­sielt i område inn mot Baugstran­da kost­nadene er store. Her er fleire kilo­me­ter med kabel og hun­drevis av mas­ter for fram­føring av kabel til  bygde­tu­na.  Utbyg­ging­spros­jek­ta er ikkje kom­mer­sielt lønnsame og vil krevje eit anleg­gs­bidrag frå kun­dane.
Alle som sender inn bestill­ing via vår heime­side vil bestille på van­lege vilkår, og vidare få ei tilbakemeld­ing på kva kost­nad­er som vil påløpe i til­legg.  Dei vil då få anled­ning til å trekkje bestill­inga, eller akseptere anleg­gs­bidraget.  Alle vil då ha over­sikt på totalkost­nad før dei sam­tykker på den endelege bestill­inga.
Der­som inter­es­sa er stor nok håpar vi å vere i gong med utbyg­ging av stam­net­tet innover mot Baugstran­da hausten 2021. Dette er imi­dler­tid avhengig av inter­esse og til­gang på ressur­sar.
For utbyg­ging av fiber til Sko­r­po og Snil­stveitøy blir løysin­ga sjøk­a­bel.
Her blir det lagt fiberk­a­bel frå Børnes i Uskedalen og over til Sko­r­po allereie denne månaden. 

Infor­masjon om pros­jek­ta
Det vil utover vinter/vår bli lagt ut meir infor­masjon om pros­jek­tet på vår heime­side, lokale face­book sider, samt gjen­nom­ført infor­masjon­s­møter (avhengig av covid-19 restrik­sjonar).

For meir infor­masjon om pros­jek­tet kan du kon­tak­te vårt kun­de­sen­ter tele­fon 53475640, ope frå kl. 07:30 — 15:00 kvarda­gar.
E‑post: post@kband.no

Vi opp­modar folk som har spørsmål til oss om å ta kon­takt, samt føl­gje med på heimesi­da vår for opp­datert informasjon.


Vi har motteke
110 av
110...
…nød­vendi­ge bestill­ingar for etab­ler­ing av fiber­nett på Baugstran­da, Sko­r­po og Snilstveitøy.
Saman­lik­na med reisa i Rin­ge­nes Herre er me ende­leg framme i Mor­dor! Rin­gen har hav­na i Dommedags­berg og Fro­do har ein fin­ger min­dre å tel­je! Og no kan ende­leg vårt even­tyr starte!