Vilkår bedriftsabonnement

Standardkontrakt og leveringsvilkår for bedrift.

1. Gene­relt
Des­se vil­kå­ra regu­le­rer avta­len om abon­ne­ment på tenes­ter mel­lom Kvinn­he­rad Brei­band AS (KB) og abon­nen­ten (Kun­den). Tenes­te­ne er sli­ke som kan leve­rast via eller i til­kny­ting til KB sitt brei­bands­nett, og er spe­si­fi­sert i den indi­vi­du­el­le avta­len.
Bedrif­ter som er regist­rert i Brønn­øy­sund­re­gis­te­ret kan i utgangs­punk­tet abon­ne­ra på KB sitt bedrift­s­abon­ne­ment. Abon­ne­men­tet gjeld verk­semd innan­for KB sitt net­t­om­rå­de sjølv om Kun­den er eit aksje­sel­skap eller annan juri­disk per­son med verk­semd også i and­re geo­gra­fis­ke områ­de. For­ret­nings­over­dra­ging skal mel­dast til KB og påfø­rast kon­trak­ten. Det same gjeld ved over­gang til aksje­sel­skap eller frå aksje­sel­skap til per­son­leg fir­ma. Der­som Kun­den er eit aksje­sel­skap, blir det rek­na som ei for­ret­nings­over­dra­ging når majo­ri­te­ten av sel­ska­pet sin aksje­ka­pi­tal blir over­dre­gen sam­ti­dig som den dag­le­ge lei­in­ga går over til kjø­par eller nær slekt. KB kan føre­ta ei rutine­mes­sig kreditt­vur­de­ring av nye abon­nen­tar, med rett til å avslå leve­ran­se utan ytter­li­ga­re grunn­gje­ving. Det­te gjeld også i til­fel­le av for­ret­nings­over­dra­ging.
Til­kny­ting til tenes­ta blir levert der­som det er tek­nisk mog­leg og øko­no­misk for­svar­leg å leve­ra det­te til Kun­den. Der­som det av tek­nis­ke eller øko­no­mis­ke grun­nar ikkje er mog­leg å leve­ra tenes­ta til Kun­den, beta­lar ikkje Kun­den noko for for­sø­ket, så sant anna ikkje er avtalt.
Der­som Kun­den flyt­tar, opp­høy­rer abon­ne­men­tet. Under føre­set­nad av at KB kan leve­ra tenes­ta på den nye adres­sa, kan Kun­den ta med seg abon­ne­men­tet mot å betala gjel­dan­de flytte­ge­byr. Etab­le­rings­ge­byr blir ikkje refun­dert.
Par­ta­ne har tei­e­plikt om alle til­hø­ve av kon­fi­den­si­ell art, inklu­dert opp­lys­nin­gar om per­son­lege for­hold, opp­lys­nin­gar som kan ska­da ein av par­ta­ne eller som kan utnyt­tast av utan­for­stå­an­de i nærings­verk­semd. Par­ta­ne plik­tar å set­ja i verk dei til­tak som er nød­ven­di­ge for å sik­ra at mate­ria­le og opp­lys­nin­gar ikkje blir gjort kjent for and­re i strid med avta­len. Det­te gjeld også etter at avta­len er opp­høyrt. Opp­lys­nin­gar kan like­vel utle­ve­rast med Kun­den sitt sam­tyk­ke eller gjevast til dom­sto­la­ne, påtale­mak­ta eller and­re offent­le­ge sty­res­mak­ter når KB er retts­leg for­plik­ta til å utle­ve­ra slik infor­ma­sjon. Blir KB retts­leg for­plik­ta til å utle­ve­ra sli­ke opp­ly­sin­gar, vil Kun­den bli infor­mert om det­te.

1.1. Bestil­ling
Bestil­ling av abon­ne­ment og tenes­ter via Inter­nett, skrift­leg eller per tele­fon, eller beta­ling av etab­le­rings­ge­byr og månads­lei­ge er å sjå på som aksept av vil­kå­ra. Der­som ein kun­de tar i bruk KB sine tenes­ter utan at det er inn­gått nokon uttryk­ke­leg avta­le, blir det­te rek­na som om han har aksep­tert des­se vil­kå­ra.
Vil­kå­ra om etab­le­ring og månads­lei­ge gjeld éin geo­gra­fisk loka­sjon og eitt NTP (sjå § 2). Ei bedrift i KB sitt net­t­om­rå­de kan teik­na kon­trakt om tenes­ter til flei­re NTP innan­for områ­det. KB er med­ei­gar i Har­dan­ger Brei­band AS og del­tek i sam­ar­beid med dei øvri­ge part­na­ra­ne om drift av stam­net­tet og etab­le­ring av NTP i alle dis­trikt, som er dekt av Har­dan­ger Brei­band AS. Kon­trakt om tenes­ter mel­lom KB sitt net­t­om­rå­de og dei øvri­ge, kan inn­gåast mel­lom Kun­den og Har­dan­ger Brei­band AS.

2. Pro­dukt
KB stil­ler dei pro­duk­ta som er spe­si­fi­sert i Bestil­lings­skje­ma til råd­vel­de for Kun­den. Ein liten del av kapa­si­te­ten skal nyt­tast til kon­troll­in­for­ma­sjon, slik at reell has­tig­het vil kun­na vera noko låga­re enn det som er opp­gitt i spe­si­fi­ka­sjo­na­ne for pro­duk­tet. Kapa­si­tet og inn­stil­lin­gar på Kun­den sin maskin vil også påvir­ka has­tig­he­ten.
Line­has­tig­he­ten vil vera inn­til den klas­sen som er bestilt. Brei­bands­til­gan­gen blir levert til ein defi­nert kilo­bit per sekund rate. KB kom­pen­se­rer etter evne evt. sig­nal­tap på lina, der­som ikkje noko anna er spe­si­fi­sert, men sær­leg i peri­odar med stor belast­ning på net­tet vil Kun­den kun­na opp­le­va å få dår­le­ga­re kapa­si­tet og has­tig­het enn det som er opp­lyst i pris­lis­ta. Er det av tek­nis­ke grun­nar ikkje mog­leg å leve­ra den has­tig­hets­klas­sen som er bestilt, vert den høgas­te mog­le­ge klas­sen rek­na som bestilt. Has­tig­he­ten ut mot Inter­nett vil kun­na varie­ra pga. loka­le for­hold på net­tet, som KB ikkje har herre­døm­me over.
Brei­bands­til­gang blir levert til net­ter­mi­ne­rings­punk­tet (NTP). NTP er defi­nert som over­gan­gen mel­lom nett­ei­gar sitt nett og pri­vat nett. NTP kan vera plas­sert utan­for eller straks etter gjen­nom­slag i mur/vegg til byg­get der brei­bands­til­gang er bestilt (Grunn­mursprin­sip­pet). Intern kab­ling som måt­te vera nød­ven­dig for å leve­ra brei­band til bedrif­ta, er Kun­den sitt eige ansvar. Om Kun­den ønskjer fram­fø­ring av nye kab­lar og kon­tak­tar, må han betala til­legg for det­te ut over etab­le­rings­pri­sen, i sam­svar med KB eller under­le­ve­ran­dør sine pri­sar.
Kun­den skal nyt­ta det utsty­ret som KB plas­se­rer hos han. Kun­den er plik­tig til å gi KB til­gang til utstyr som inn­går i net­tet og som er KB eller nett­ei­gar sin eige­dom. Kun­den er ansvar­leg for utstyr, som i skild­rin­ga av tenes­ta er opp­gitt som kun­den sin eige­dom, sjølv om utsty­ret er fram­skaf­fa og betalt av KB. Til­del­te bru­kar­namn og pass­ord som er gitt til Kun­den, plik­tar han å opp­be­vara på ein måte som hind­rar uved­kom­man­de til­gang.

Feil på bedrift­s­abon­ne­ment blir behand­la i KB si opnings­tid og ved inn­mel­ding av feil til vakt­te­le­fo­nen (via vakt­ha­van­de) etter opnings­tid
(kl. 15:00, helg og hei­lag­da­gar).
Vakt­ha­van­de regist­re­rer inn fei­len for hand­sa­ming nes­te virke­dag.
Kri­tisk feil­ret­ting kan imid­ler­tid utfø­rast hei­le døge­ret, og blir fort­lø­pan­de vur­dert av vakt­ha­van­de for KB.

2.1. Til­knyt­ta tenes­ter
Gjen­nom brei­bands­til­gan­gen får Kun­den til­gang til Inter­nett, e‑post, heime­si­der og even­tu­el­le and­re tenes­ter, iføl­gje bestil­lin­ga. Drifts­for­styr­rel­sar på des­se tenes­te­ne kan føre­koma. Sup­port for e‑post begren­sar seg til KB sitt eige grense­snitt (mail.kband.no).

3. Oppe­tid og bru­kar­støt­te
KB kan hjel­pa Kun­den med tek­nisk bru­kar­støt­te til tider som er annon­sert. Feil eller mang­lar ved nett eller for­bin­del­sar skal utbetrast innan rime­leg tid og utan kost­nad for Kun­den, der­som ikkje feilen/mangelen kan til­skri­vast for­hold hos han eller and­re for­hold KB ikkje har kon­troll over. Ved nød­ven­di­ge opp­hald i tenes­ta pga. feil­ret­ting, utstyrs­opp­gra­de­ring o.l. vil Kun­den bli vars­la elekt­ro­nisk på føre­hand (under føre­set­nad av til­gjen­ge­le­ge kunde­data) og via eig­ne sider for drifts­mel­din­gar, så sant det­te er mog­leg. Opp­gra­de­rin­gar av vesent­leg art, som med­fø­rer at sto­re delar av net­tet blir util­gjen­ge­leg, skal pri­mært gjen­nom­fø­rast natt til tys­dag mel­lom kl 00.01 og kl 06.00.
Ved avbrot skal Kun­den gje­ra KB merk­sam på bro­tet så snart som mog­leg. KB vil opp­gi ei omtrent­leg rette­tid og infor­me­ra Kun­den. KB kan stil­la tek­nisk per­so­nell til råd­vel­de for pro­blem på Kun­den sitt utstyr for hans rek­ning. Reparasjonar/arbeid på net­tet og/eller utstyr, som er KB/netteigar sin eige­dom, må ber­re utfø­rast av KB eller per­son­ar som KB har god­kjent og gitt sær­skilt løy­ve. Der­som Kun­den på eige ini­tia­tiv set i verk til­tak for å utbetra man­ge­len ut over det som måt­te vere avtalt med KB, beta­lar ikkje KB des­se utgif­te­ne.
Feil kan mel­dast til kunde­sen­te­ret på tele­fon 53475640 eller e‑post til post@kband.no.

4.3. Erstat­ning
4.3.1. Tap
KB er ikkje ansvar­leg for tap som føl­gje av mang­lar, med mind­re tapet er påført ved grov akt­løy­se eller for­sett frå KB si side. Som tap blir rek­na:

• tap som føl­gje av mind­re eller bort­fall av pro­duk­sjon eller omset­ning (drifts­av­brot)
• tap som føl­gje av at tenes­ta ikkje kan nyt­tig­gje­rast som føre­sett (avsavn)
• tapt for­te­nes­te som føl­gje av at ein kon­trakt med tredje­mann fell bort eller ikkje blir rett opp­fylt
• tap som føl­gje av ska­de på anna utstyr enn det som er levert av KB, og gjen­stan­dar som utsty­ret blir brukt til fram­stil­ling av eller som har nær og direk­te saman­heng med det bruk som utsty­ret føre­set.

4.3.2. KB sitt sam­la ansvar
KB sitt sam­la erstat­nings­an­svar er avgren­sa til kr 5.000,- for kvart til­fel­le, med mind­re tapet skul­dast grov akt­løy­se frå KB si side.

5. Eks­tra­or­di­næ­re bruks­re­strik­sjo­nar
I nøds­til­fel­le, med­rek­na alvor­le­ge trugs­mål mot helse, trygg­leik eller mil­jø, natur­ka­ta­stro­far, krig eller krigs­lik­nan­de situa­sjo­nar, inklu­siv streik eller lock­out og alvor­leg fare for sabo­ta­sje mot nett og tenes­ter, kan KB avbry­ta tenes­ta heilt eller del­vis. KB har rett til å set­ja i verk til­tak som kan med­føra avbrot, for­styr­rel­sar eller end­rin­gar av tenes­ta som er nød­ven­di­ge av tek­nis­ke, ved­li­ke­halds­mes­si­ge eller drifts­mes­si­ge årsa­ker. KB er utan ansvar for kost­na­der, tap eller ska­de som Kun­den måt­te bli påført som føl­gje av sli­ke til­tak. KB vil gje­ra sitt bes­te for å vars­la om sli­ke til­tak i god tid og syta for at ulem­pen for den enkel­te kun­de blir minst mog­leg.
Det kan skje end­rin­gar i til­før­sels­net­tet som gjer at KB ikkje len­ger kan leve­ra brei­band eller Inter­nett-aksess. Det­te med­fø­rer at tenes­ta må sten­gjast for ein peri­ode. KB skal like­vel utan opp­hold søkja å fin­na alter­na­ti­ve til­gangs­ru­ter slik at tenes­te­ne igjen kan leve­rast.

6. Varig­het, opp­sei­ing og heving
Abon­ne­men­tet kan sei­ast opp med ein (1) månads skrift­leg var­sel frå beg­ge par­tar (opp­sei­ing 1. i måna­den). For abon­nen­tar utan bin­dings­tid, vil opp­sei­in­ga gjel­da frå koman­de kvar­tal. For abon­nen­tar med bin­dings­tid, vil opp­sei­in­ga gjel­da frå koman­de kvar­tal. Der­et­ter vil abon­nen­ten bli fak­tu­rert for den res­te­ran­de delen av etab­le­rings­av­gif­ta som ikkje er finan­siert frå star­ten av kon­trak­ten til det tids­punk­tet abon­nen­ten er løyst frå kon­trak­ten.
KB refun­de­rer ikkje kvar­tals­vise føre­hands­inn­be­ta­lin­gar når årsa­ka er opp­sei­ing. Ved opp­sei­ing av avta­len blir ikkje inn­be­talt etab­le­rings­ge­byr refun­dert. Der­som det opp­står tek­nis­ke pro­blem med leveranse/overføring og KB med rime­le­ge mid­lar ikkje kan utbetra pro­ble­ma, kan KB seia opp avta­len. Ved opp­sei­ing frå KB på grunn av mang­lan­de mulig­het til leve­ring av bestilt pro­dukt eller av and­re grun­nar som ikkje skul­dast mis­leg­hald, skal det inn­be­tal­te etab­le­rings­ge­by­ret refun­de­rast.

7. Kun­den sitt bruk av net­tet og for­bod mot vidare­fø­ring av nett eller tenes­ter
Kun­den har ber­re rett til å nyt­ta abon­ne­men­tet på van­leg måte som føre­sett av KB. Det er ikkje til­le­te å vidare­føra sig­nal eller for­mid­la tenes­ter frå gjel­dan­de nett kor­kje til utan­for­stå­an­de eller til and­re abon­nen­tar hos KB.
Med utan­for­stå­an­de mei­ner ein per­son­ar som ikkje er abon­nen­tar hos KB. Brot på des­se føre­seg­ne­ne er å sjå på som mis­leg­hald. Kun­den kan ikkje vidare­for­mid­la kapa­si­tet på abon­ne­men­tet sitt, og hel­ler ikkje leg­gja opp inter­ne nett­verk slik at and­re får til­gang til KB sine tenes­ter. Kvar bedrift skal tin­ge eige abon­ne­ment hjå KB, deling av abon­ne­ment mel­lom flei­re bedrif­ter er ikkje til­latt. Kun­den kan ikkje dri­va nærings­verk­semd på eit abon­ne­ment for pri­va­te kun­dar, utan at det er sær­skilt avtalt med KB. Adresse­end­rin­gar og and­re end­rin­gar av betyd­ning for kunde­for­hol­det, må mel­dast til KB innan rime­leg tid.

8. Eigar­til­hø­ve og ansvar
KB har eige­doms­ret­ten til alle fas­te og lau­se inn­s­tal­la­sjo­nar som KB mon­te­rer i net­tet og utstyr som blir plas­sert ute hos Kun­den. KB er ansvar­leg for pro­duk­tet i sam­svar med gjel­dan­de vil­kår i lov som pålegg ansvar. Utover stor­lei­ken på etab­le­rings­ge­by­ret, er KB ikkje ansvar­leg for direk­te øko­no­misk tap, som Kun­den måt­te li som føl­gje av at han er avsko­ren frå å bru­ka KB sine pro­dukt. KB er ikkje ansvar­leg for føl­gje­ska­dar. KB tar ikkje ansva­ret for inn­hald på Kun­den sin PC eller øyde­leg­gjin­gar på den­ne. Kun­den plik­tar å gje­ra seg kjent med og over­hal­da dei til ei kvar tid gjel­dan­de abon­ne­ments­vil­kår frå KB, samt and­re reg­lar og påbod gitt frå KB i sam­band med bruk av tenes­te­ne. Kun­den er sjølv ansvar­leg for all infor­ma­sjon han utnyt­tar, for­mid­lar eller sprer ved hjelp av tenes­ta. Kun­den for­plik­tar seg til ikkje sjølv å nyt­ta eller la and­re nyt­ta sin Inter­nett-aksess eller and­re brei­bands­te­nes­ter frå KB i strid med norsk lov med for­skrif­ter. Kun­den har plikt til ikkje å for­se­ra elekt­ro­nis­ke sper­rer eller kodar, eller på annan måte å skaf­fa seg urett­vis til­gang til tenes­ter og sys­tem. Det er ikkje til­le­te med masse­ut­sen­ding av rekla­me, e‑post eller anna, eller til å bru­ka net­tet til å spre kjede­brev og anna. Inter­nett-akses­sen skal ikkje nyt­tast til å dri­va eig­ne ser­ver­te­nes­ter – her­under, men ikkje avgren­sa til; peer to peer, ftp, web, nntp, prox­yser­ver eller dhcp. Sli­ke tenes­ter, så vel som VPN, kan gje­rast til­gjen­ge­leg for Kun­den etter sær­av­ta­le om des­se pro­duk­ta. Kun­den må ikkje bru­ka net­tet til sprei­ing av data­vi­rus, opp­havs­retts­leg beskyt­ta mate­ria­le eller skul­din­gar som av tredje­per­son­ar kan opp­fat­tast som kren­kjan­de, her­under rasis­me og por­no­gra­fi.
KB tek unna ret­ten til utan føre­gå­an­de var­sel, å sten­gja Kun­den sin til­gang til nett­ver­ket der­som KB får kjenn­skap til at han mis­bru­kar tenes­ta til sprei­ing av barne­por­no, rasis­tis­ke ytrin­gar, ære­kren­kjing eller brot på opp­havs­ret­tar.
Kun­den er ansvar­leg for ska­dar han sjølv påfø­rer KB sin eige­dom, for­sett­leg eller ved akt­løy­se. Kun­den kan ikkje end­ra på kon­fi­gu­ra­sjo­nen av KB sitt utstyr og hel­ler ikkje på utstyr som Kun­den sjølv eig, når KB nyt­tar det­te for å leve­ra tenes­ta. Kun­den er sjølv ansvar­leg for trygg­lei­ken i sam­band med even­tu­el­le data­inn­brot eller for­søk på det­te frå ein tredje­part mot eigen PC.
Ved avslut­ting av abon­ne­men­tet er Kun­den ansvar­leg for fritt å leve­ra til­ba­ke alt utsty­ret som KB har utplas­sert. Kun­den må retur­ne­ra slikt utstyr til KB innan 30 dagar elles vil han bli fak­tu­rert for utstyr som ikkje er retur­nert innan fris­ten.
KB kan krev­ja eit depo­si­tum for utstyr som Kun­den har leigd. Stor­lei­ken på belø­pet går fram av Bestil­lings­skje­ma til ei kvar tid og kan varie­ra etter omfan­get av det utsty­ret Kun­den dis­po­ne­rer. Ved avslut­ting av eit abon­ne­ment skal KB refun­de­ra det depo­ner­te belø­pet, under føre­set­nad av at utsty­ret er retur­nert intakt og utan ska­der utover nor­mal sli­ta­sje. Depo­si­tu­met er spe­si­fikt knyt­ta til KB sitt utstyr og kan ikkje nek­tast refun­dert eller til­bake­hal­dast for å dek­kja and­re krav mot Kun­den, som til dømes ube­talt lei­ge. Stor­lei­ken på depo­si­tu­met avgren­sar ikkje Kun­den sitt ansvar over­for KB der­som det skjer ska­de på, eller tap av KB sitt utstyr. Kon­fis­kert depo­si­tum er ikkje til hin­der for at KB kan søkja vida­re kom­pen­sa­sjon.

9. Beta­ling
I dei til­fel­le kor bestil­lin­ga utløy­ser eit etab­le­rings­ge­byr, skal det­te inn­be­ta­last før til­kny­ting. Fast lei­ge for­fell til beta­ling for­skots­vis per kvar­tal. Even­tu­el­le sei­na­re bestil­te til­leggs­te­nes­ter for­fell og blir inn­krevd saman med brei­bands­lei­ga. Even­tu­el­le kost­na­der knytt til sam­tale­tra­fikk og and­re tenes­ter, vil bli fak­tu­rert etter­skots­vis per kvar­tal. Ved mang­lan­de beta­ling frå Kun­den vil han få beta­lings­på­min­ning og inkasso­var­sel. Der­som Kun­den ikkje beta­lar innan 14 (fjor­ten) dagar etter at var­sel er mot­te­ke, vil for­drin­ga bli sendt til inkas­so. Ved for sein beta­ling blir ren­ter frå beta­lings­fris­ten til­lagt i sam­svar med gjel­dan­de mora­rente­lov. KB kan sten­gja til­gan­gen til net­tet der­som fak­tu­ra etter var­sel ikkje er betalt innan fris­ten.
Der­som Kun­den sin til­gang blir avstengd p.g.a. mang­lan­de beta­ling og han ønskjer å gjen­opna til­gan­gen innan 30 dagar frå sten­gjing, vil Kun­den bli belas­ta med gjel­dan­de gjen­op­nings­ge­byr. Der­som Kun­den sin til­gang er stengt i meir enn 45 dager, blir abon­ne­men­tet rek­na som opp­sagt og utsty­ret vil bli krevd retur­nert til KB. Der­som Kun­den ønskjer å gjen­opna til­gan­gen når abon­ne­men­tet er rek­na som opp­sagt, skal gjel­dan­de etab­le­rings­av­gift beta­last. Om KB sitt til­gode­ha­van­de over­stig kr 10.000,- eks. mva., kan KB mel­lom ordi­næ­re fak­tu­re­rings­tids­punkt krev­ja at Kun­den beta­lar hei­le eller delar av belø­pet.

10. Mis­leg­hald
Der­som Kun­den mis­leg­held avta­len, kan KB sper­ra for tenes­ter eller kop­la frå for­bin­del­sen til Kun­den. Der det er sak­leg grunn for det, eller at anleg­get blir brukt i strid med norsk lov eller i strid med anleg­get sin føre­set­nad og van­leg bruk, er det å sjå som mis­leg­hald av avta­len. KB skal gje­ra tenes­ta til­gjen­ge­leg for Kun­den så snart mis­leg­hal­det er opp­høyrt. Kun­den er ansvar­leg for beta­ling av tenes­te­ne sjølv om dei skul­le bli stengd på grunn av mis­leg­hald.

11. End­ring av vil­kår
KB kan end­ra leve­rings­vil­kå­ra og pri­sar med ein (1) månads var­sel.
Vil­kårs­end­ring som fyl­gje av myn­dig­heits­krav kan endrast/tilpassast i hen­hald til krav.

11.1. Over­dra­ging frå KB til annan leve­ran­dør
KB held unna ret­ten til å kun­na over­dra ret­ta­ne og plik­te­ne sine, som er knytt til abon­ne­men­tet til ein annan eig­na leve­ran­dør såframt det­te ikkje er uri­me­leg for Kun­den.

12. Tvis­tar
Tvis­tar mel­lom Kun­den og KB skal ein søkja å løy­sa med det gode. Der­som tvis­ten ikkje let seg løy­sa ved for­hand­lin­gar, kan kvar av par­ta­ne brin­ga tvis­ten inn for dei ordi­næ­re dom­sto­la­ne.

Kun­den skal ha eitt eksemp­lar av des­se vil­kå­ra, som han og KB er bund­ne av ved bestil­lin­ga.

13. Per­son­vern hjå Kvinn­he­rad Brei­band AS

Kvinn­he­rad Brei­band AS foku­se­rer på å iva­re­ta og beskyt­ta våre kun­dar sitt per­son­vern.
Vi behand­lar per­son­opp­lys­nin­gar i sam­svar med den til ein kvar tid gjel­dan­de lov­giv­ning, her­under i sam­svar med per­son­opp­lys­nings­lo­ven og per­son­opp­lys­nings­for­skrif­ten.
Per­son­opp­lys­nin­gar er opp­lys­nin­gar og vur­de­rin­gar som kan knyt­tast til deg som kun­de. (For vår full­sten­di­ge per­son­ver­n­er­klæ­ring klikk her).