- 18. januar 2021
Montør tar direkte kontakt med deg for avtale om når det passar å utføre arbeidet. Av og til blir ein installasjon utført i fleire vender (innemontering før utemontering), eller parallelt avhengig av kva som er mest hensiktsmessig. Dersom du vil endre tidspunkt for installasjon ta kontakt med montør eller vårt kundesenter.
Dersom du allereie er kunde hjå anna leverandør enn Kvinnherad Breiband, må du sjølv seie opp denne avtalen. Fakturering frå oss startar når fiberbreibandet er aktivert heime hjå deg.
På “mi side” finn du oversikt over kva produkt du har hjå oss. Ta også kontakt med oss om du har spørsmål kring eige abonnement. Dersom du har sendt ei bestilling mottar du automatisk eit refnr per e‑post. Ta kontakt med oss om du er usikker eller ynskjer endringar (svar på e‑post eller ring kundesenter på telefon 53475640).
For graving på eigen eigedom finn du meir informasjon her.
Ver heime til avtalt til når montøren kjem!
Montøren tar med naudsynt utstyr (heimesentral) og tv-dekoder dersom du har bestilt tv-abonnement. Vi anbefaler alle våre kundar å bruke eigen trådlaust ruter for mest mogleg optimalt trådlaust nett i bustaden.
Frå konfigurasjonssia kan du endre passord på ditt trådlause nett, sjå kva PC’ar som er tilkopla og sjekka mottatte og ubesvarte anrop om du har telefoni.
Ver merksam på at innstillingar du gjer kun er lagra på heimesentralen og desse forsvinn om kundebehandlar må resetja utstyret i forbindelse med feilsøking. Me anbefaler difor å bruke konfigurasjonssida for å hente ut opplysningar, ikkje legga inn nye.
Start med å logge på heimesentralen med brukarnavn “user” og passord “user”.
Klikk på fanen Avansert.
Klikk på menyvalget Portviderekopling.
Nederst på sida under “Egendefinert viderekopling” skriv du inn navnet på den nye regelen du vil lage og velg tilkopling “data” og klikk “Legg til”.
Du kjem då inn på ei side for å legge inn dei portane du vil viderekople.
Huk av på “Enabled” for at regelen skal bli aktivert.
Under Source IP address endrar du ingenting. Under “Destination IP address:” skriv du inn IP-adressa maskina har på lokalnettet, 192.168.200.XXX.
Vel porter og protokoll nederst. Om det er en serie portar, skriv inn den fyrste og den siste porten i Start og Slutt. Legg inn samme portnummer i begge Start-feltene. Om du bare skal viderekople en enkelt port legger du den i alle feltene.
Klikk “Bruk” for å leggje til portane til regelen.
Klikk på Portviderekopling i menyen til venstre for å komme attende til oversikta.
VIKTIG: Øvst til høgre på sida må du trykkje “Lagre innstillingene”. Hvis ikkje blir alt borte neste gong heimesentralen blir restarta.
Tida varierer av fleire grunnar, men normal leveringstid er i dag ca. 8 veker. Dersom du bestiller i eit område vi ikkje er utbygd eller det av andre grunnar er vanskeleg å etablere fiber vil du få tilbakemelding om dette. I området vi ikkje har bygd ut kan vi vere avhengig av fleire faktorar for å kunne ferdigstille ei nyutbygging (offentleg stønad, anleggsbidrag kunde, osv.).
Det trådlause nettet i vårt utstyr (tilgin og genexis heimesentral) er kun berekna for lett bruk. For «tyngre» bruk som til dømes video-strøyming og speling anbefaler vi kundane å bruke eige trådlaust utstyr (ruter), dette kan kjøpast hjå lokale elektrobutikkar.
Sjekkliste for våre kundar i forhold til trådlaust nett, som for mange kan vere ei utfordring med mange brukarar.
# 1 Sjekk plassering av ruter – sett den fritt og gjerne litt høgt slik at den får sende signalet utover i rommet
# 2 Sjekk hastigheit i fleire rom – sjekk gjerne hastigheit i fleire rom etter at du har montert eige trådlaust utstyr. Dersom du mister mykje hastigheit i enkelte rom/etasjar kan det lønne seg å investere i ein ruter med fleire einingar, då blir signalet fordelt rundt i heile huset på ein betre måte.
# 3 Direkte med kabel – til krevjande bruk er det ein fordel å bruke kabel direkte om du kan – datamaskin (speling), SMART tv-ar.
# 4 Sjekk ruteren din (gammal eller ny) – dersom du har eigen trådlaus ruter kan det løne seg å oppgradere denne. Dersom den er gammal kan det medføre hastigheitstap på eige trådlaust nett.
# 5 Sjekk eige utstyr – sjekk pc-ar, nettbrett og anna utstyr jamleg for virus og unødige ting som tar plass, og reduserer hastigheita.
# 6 Ring oss! Ikkje nøl med å ringe oss om, du har spørsmål eller ting du lurer på. Du når oss på tlf 53475640 (ope 07:30 – 15:00) alle kvardagar. Vår e‑post adresse er post@kband.no.
# 7 Nettside/facebook – du finn oppdatert informasjon og tips frå oss på vår heime-og facebookside.
Sjekk ut våre lune filmar Lett på nett # 1 og # 2.
Send oss skriftleg oppseiing, gjerne via websida vår. Du blir fakturert for avbrotsgebyr dersomd u seier opp etter angrefrist og før du har vore aktiv kunde hjå oss i eit år.
Har du bestilt Telia tv frå oss, men har ein anna leverandør må du sjølv seie opp denne avtalen, også når det gjeld tilleggspakkar/kanalar. Fakturering frå oss startar når Telia tv-tenesta er aktivert hjå oss.
Kvinnherad Breiband har ikkje eigen epostteneste som vert vidareutvikla, vi anbefaler gratis eposttenester som til dømes gmail dersom du ynskjer ny epostadresse.
Har du eksisterande knett.no adresse anbefalar vi at du bruker denne via nettlesar og heimesida vår så slepp du å bruke eige epostprogram.
Dersom du skal setje opp knett.no adressa di på nettbrett, mobil eller pc treng du å vite fylgjande:
Brukarnamn: namnet.ditt@knett.no
Passord: passordet du har fått av oss. (ta kontakt om du ikkje har det, så lagar vi nytt til deg).
Innkomande epostserver: IMAP eller POP3
Altså: mail.kband.no
IMAP PORT: 993 (anbefales)
POP3 PORT: 995
Utgåande epostserver: SMTP
Altså: mail.kband.no
PORT: 587
Her finn du ein video som kanskje kan hjelpe deg.
Då loggar du inn med brukarnamn og passord her.
Har du bestilt fasttelefoni og ynskjer å behalde telefonnummeret ditt er det viktig at du IKKJE seier opp hjå din noverande leverandør. Vi foretar det praktiske rundt overføring og portering av telefonummer til oss. Telefoni blir normalt aktivert 3 – 5 dagar etter bestilling.
Vi har per i dag over ca. 4800 kundar i heile Kvinnherad. Marknadsandelen på internettbaserte tenester er omlag 82 %.
Utbyggjingsgraden er omlag 99 %, det som står att er krevjande og det vil ta nokre år før vi har tilnærma 100 % dekning.