Er du ein av våre kundar som har motteke faktura pr post, men “alltid” har motteke faktura via efaktura?
Vi opplever for tida ein del telefonar frå lojale kundar som “alltid” har motteke faktura elektronisk, men no har fått faktura per post. Dette er sjølvsagt frustrerande. Det har vi full forståing for.
Kva er årsaka til at du mottek faktura per post?
Årsaka til at mange no mottek faktura per post (og ikkje elektronisk rett i nettbanken) kan vere fleire.
Fylgjande opplysningar om deg blir registrert i “bankenes felles avtale- og betalingskravregister”:
- Namn
- Fødselsdato
- Adresseopplysningar
- E‑post
- Mobilnummer
Det må utvekslast nokre personopplysningar om deg for at eFaktura-tenesta skal fungere.
Fakturautstedar kan søke på om du har valgt “Ja takk til alle” eller ikkje (ei innstilling du set opp i nettbanken din). På dette grunnlaget kan då eFaktura sendast til din nettbank eller betalingsflate (feks. VIPPS).
Det er viktig at du sikrar at di betalingsflate har registrert rette opplysningar i mottakerregisteret, spesielt då korrekte adresseopplysningar, telefonnummer og epostadresse som er viktig informasjon for at utstedar skal kunne finne deg som eFakturamottaker.
Vi som dykkar internett leverandør (og tilbydar av efaktura avtale) er pliktige til å “vaske” kunderegisteret vårt. Dette gjere vi minimum 1 gong pr månad (gjerne også oftare). På den måten veit vi at kundedata er oppdatert før vi sender ut faktura.
Nasjonale krav
Nye nasjonale krav til efaktura avtalar gjere at alle med elektroniske avtalar må ha korrekt informasjon (minimumskrav; namn, fødselsdato, adresse, e‑post) registrert i kundesystemet, elles blir avtalen avvist hjå NETS. Det er difor viktig at Kvinnherad Breiband får oppdatert informasjon frå kundane våre.
Kvifor får eg det per post?
Alle avtalar som blir avvist får automatisk faktura per post. Postsending har eit gebyr på kr 49, noko vi aller helst ynskjer at alle våre kundar skal sleppe.
Gebyr kan du unngå i framtida ved å:
1. Oppdatere avtalen i nettbanken din
2. Oppdatere kundedata (gi oss korrekte opplysningar)
eller motta faktura per e‑post (det er også mogleg).
Oppdatere kundeinformasjon til Kvinnherad Breiband
Dersom du ynskjer å oppdatere kundeinformasjon hos oss kan du ta kontakt med oss per telefon eller sende rett informasjon til post@kband.no.
Dersom avtalen står på anna juridisk eigar, men dette skal bytast til ny eigar (deg) må vi ha dette skriftleg til post@kband.no
Vi hjelper deg så godt vi kan, ta gjerne kontakt med vårt kundesenter på telefon 53475640.
Du finn ei god veiledning her.