📈 Prisjustering frå 1. januar 2027
Vi opplever framleis ein stor kostnadsvekst i samfunnet, noko som også påverkar kostnadene våre til drift, vedlikehald, utstyr og vidare utvikling av fibernettet.
🌐 Eit stabilt og påliteleg internett er viktigare enn nokon gong. Stadig meir av kvardagen vår er digital, og krava til kapasitet, kvalitet og oppetid aukar. Vi jobbar difor kontinuerleg for å sikre eit moderne og framtidsretta fibernett som møter behova til kundane våre – både i dag og i framtida.
Lokal beredskap og tryggleik er noko vi prioriterer høgt. Med lokal kompetanse, god kjennskap til nettet og eigne folk i nærområdet kan vi førebyggje feil og reagere raskt når noko skjer. Eit robust fibernett krev kontinuerleg vedlikehald, investeringar og god beredskap – ikkje minst når uvêret råkar.
For å oppretthalde kvaliteten og sikre vidare utvikling justerer vi difor nokre av prisane våre frå 1. januar 2027. Fleire produkt får uendra pris, og kundar med aktive kampanjeavtalar beheld sjølvsagt avtalt pris ut kampanjeperioden.
Målet vårt er å gi deg stabilt internett, god kapasitet og personleg service frå folk som kjenner Kvinnherad.
Vi er avhengige av kundane våre, og kundane skal kunne stole på oss.
Saman sikrar vi eit sterkt og framtidsretta fibernett i Kvinnherad. Vi er stolte av å vere ein lokal leverandør med eigne fagfolk, god kjennskap til området og eit sterkt engasjement for lokalsamfunnet. Vi investerer kontinuerleg i fibernettet, beredskap og kompetanse for å sikre gode og stabile tenester – også når uvêret råkar eller noko uventa skjer.
Det er nettopp dette samspelet som gjer at vi kan halde fram med å utvikle fibernettet, skape lokale arbeidsplassar, støtte frivilligheita og bidra til eit levande lokalsamfunn.
Når du vel Kvinnherad Breiband, vel du ikkje berre internett. Du vel lokal kunnskap, nærleik, beredskap og folk som bryr seg.
🌐 Internett-tenester
| Produkt | Noverande pris / mnd | Ny pris frå 01.01.2027 |
|---|---|---|
| 🟢 Fiber 100 | kr 699 | kr 749 |
| ⭐ Fiber 200 | kr 799 | kr 799 (uendra) |
| 🔥 Fiber 500 kampanje 12 månadar binding 🔒 | kr 699 🔒 | kr 799 🔒 |
| 🥇 Fiber 500 | kr 899 | kr 999 |
| 🚀 Fiber 1 Gig | kr 1099 | kr 1099 (uendra) |
| 🏡 Fiber Fritid 200 (heilårs/12 mnd binding) | kr 6 000 / år | kr 6 000 / år (uendra) |
📺 Internett og TV – Telia
| Produkt | Noverande pris / mnd | Ny pris frå 01.01.2027 |
|---|---|---|
| ✨ Fiber 500 m/ TV Telia 60 poeng (inkl. 1 tv-boks) | kr 1349 | kr 1389 |
| ✨ Fiber 500 m/ TV Telia 120 poeng (inkl. 1 tv-boks) | kr 1499 | kr 1539 |
| 🚀 Fiber 1 Gig m/ TV Telia 120 poeng (inkl. 1 tv-boks og wifi (1 eining) | kr 1699 | kr 1699 (uendra) |
| ➕📺 Leige per ekstra Telia tv- boks | kr 49 | kr 49 |
📺 Spar pengar og miljø – dropp TV-boksen! 🌱
Alle TV-abonnementa våre kan bestillast utan leige av TV-boks.
💰 Bruk din eigen Apple TV eller Telia Play-appen direkte på smart-TV-en din.
Med 1 tv boks sparer du då 49 kr per månad – heile 588 kr i året! Rimelegare og meir miljøvenleg♻️!
➕ Tilleggstenester
| Teneste | Pris frå 01.01.2027 (uendra) |
|---|---|
| 📧 E‑post @knett | kr 39 |
| 🛡️ Fast IP | kr 79 |
| 📶 Leige av KB Trådlaust per eining | kr 49 |
Dersom du har bindingstid på abonnementet, vil den nye prisen først tre i kraft etter at bindingstida er over.
Du står fritt til å seie opp avtalen når som helst – kostnadsfritt etter at eventuell bindingstid er ute.
Om du ikkje har bindingstid, er oppseiingsfristen 1 månad – rekna frå den 1. i påfølgjande månad.
Sjå heile prislista vår her.
🏡 Vi håpar å halde fram som din lokale breibandsleverandør – med prisar og tenester du kan stole på.
🧾 Sjå dine produkt på “Mi side”
På Mi side finn du oversikt over abonnementet ditt og kva tenester du har hos oss. Her kan du også hente ut fakturakopi.
Meir enn berre internett – vi er her for deg!
For oss handlar det om meir enn å levere raskt og stabilt internett. Det handlar om tryggleik, nærleik og å vere til stades når kundane våre treng oss.
Saman byggjer vi eit sterkare og meir framtidsretta Kvinnherad!
Tusen takk for at du er kunde hos oss! Du treng oss og vi treng deg.

📞 Vi er her for deg!
Har du spørsmål eller treng hjelp? Ta gjerne kontakt med kundesenteret vårt på telefon 53 47 56 40 eller e‑post [email protected].
🕗 Opningstid: Alle kvardagar kl. 08.00–15.00.
🏡 Du er også hjarteleg velkomen innom oss i Heiamyro 3A på Husnes dersom du ønskjer ein personleg prat.
Vi er lokale, tilgjengelege og alltid glade for å hjelpe!
🌍 Global oppleving. Lokal service.