Endring efakturateneste

Den digi­ta­le ver­da end­rar seg, og vi må hen­gje på så godt vi kan, både som bedrift og privatpersonar.

Det er no ei stor end­ring i eFak­tu­ra­te­nes­ten som ved­kjem oss. Det er den­ne som vert nyt­ta  i nett­bank eller mobi­le beta­lingsap­par (til dømes Vipps eller mobil­bank) for smi­dig beta­ling av fak­tu­ra utan å mot­ta fak­tu­ra pr post.

 Her har det no skjedd ei end­ring, som gjev kun­den anled­ning til å få samt­le­ge fak­tu­ra rett i nett­ban­ken. Frå 1. desem­ber 2021 skal ein slep­pe å lage enkelt­av­ta­ler med utsendar.

Der­som du tryk­kjer «ja takk til alle» på di beta­lings­fla­te (bank, Vipps mm), har du tak­ka ja til at:

·         Du vil få eFak­tu­ra frå alle fak­tu­r­a­ut­sen­da­rar som til­byr dette.

·         Bedrif­ter kan søkje deg opp og sen­de deg eFaktura.

·         Avta­len vil gjel­de frå fyrs­te fak­tu­ra, og ikkje slik som før at det er når ein går inn og lagar avtale.

·         Det ikkje er len­ger mog­leg for ein anna per­son å «eige»  avta­len. Med and­re ord, ingen and­re kan mot­ta eFak­tu­ra­en når den står i ditt namn. Skal nokon and­re mot­ta var­sel og beta­le den­ne, må ein benyt­te seg av full­makts­te­nes­ta som ein har til­bod om på di betalingsflate.

Der­som du ikkje vel «ja takk til alle» før 01.12.21, vil samt­le­ge eFak­tu­ra du mot­tar stop­pe i tenes­ta og du vil ikkje mot­ta frå nokon.

Det­te er ein beslut­ning vi som din brei­bands­le­ve­ran­dør ikkje kan påverke. 

Det vik­ti­gas­te du kan gje­ra er no å sjek­ke at eFak­tua­er du mot­tar stem­mer med det du har avtalt med bedrif­ta som du har kjøpt vare eller tenes­te frå. Du kan og reser­ve­re deg mot bestem­te eFakturaustendarar.