Vi søkjer fibermontør
Kvinnherad Breiband søkjer ein fibermontør til ei 12 månaders prosjektstilling.
For den rette kandidaten kan prosjektstillinga gi moglegheit for fast tilsetjing.
Vi er ein lokal breibandsleverandør med 13 tilsette og 1 lærling, og byggjer, driftar og vidareutviklar fibernettet i Kvinnherad. Hos oss blir du ein del av eit lite og kompetent fagmiljø med korte vegar frå idé til handling.
Vi ser etter deg som har teknisk forståing, trivst med praktisk arbeid og ønskjer å bidra i utbygging, drift og vedlikehald av fibernettet vårt.
Arbeidsoppgåver
- Bygging, installasjon og vedlikehald av fibernett
- Installasjon og oppsett av utstyr hos kundar
- Drift, feilretting og prosjektarbeid
- Teknisk støtte og samarbeid med kundesenter og IT-avdeling
- Kundekontakt og oppfølging
Vi ser etter deg som
- har relevant teknisk kompetanse og/eller erfaring frå fiber, elektro eller tilsvarande
- er komfortabel med arbeid i høgda
- trivst med praktisk arbeid utandørs og er glad i ver og vind
- arbeider sjølvstendig og strukturert, og tek ansvar for kvalitet og framdrift
- er løysingsorientert og samarbeider godt med andre
- kommuniserer godt med kundar og kollegaer
- har førarkort
- trivst i eit hektisk miljø og yter
Fagbrev innan telemontør‑, energimontør- eller elektrofag og erfaring med fiber er ein fordel.
Vi tilbyr
Ei variert og sjølvstendig 12 månaders prosjektstilling i eit lokalt selskap med dyktige kollegaer og spennande arbeidsoppgåver. Vi tilbyr gode forsikrings- og pensjonsordningar og løn etter avtale.
Vil du vete meir?
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med:
Andreas Bernhardsen
Tlf. 482 44 557
Send søknad og CV til [email protected].
Søknader blir vurderte fortløpande.