Kvinnherad Breiband AS (KB) leverer kameraovervakingsløysingar til bedriftskundar. Trygg behandling av kameraopptak og tydeleg ansvarsdeling er ein viktig del av tenesta.
Kven har ansvaret?
Kunden er behandlingsansvarleg for kameraovervakinga. Det betyr at kunden bestemmer formålet med overvakinga og har ansvar for at ho skjer i samsvar med gjeldande regelverk.
KB er databehandlar når vi behandlar personopplysningar på vegner av kunden som del av levering, drift, vedlikehald, support og feilretting av KB Kamera.
Dette er regulert gjennom databehandlaravtalen for KB Kamera.
Opptaka blir lagra lokalt
KB Kamera er basert på UniFi Protect.
Kameraopptaka blir lagra lokalt på kunden sitt utstyr. Opptaka blir ikkje lagra hos KB eller i UniFi Site Manager.
UniFi Site Manager blir nytta til administrasjon og sikker fjerntilgang til kunden si lokale kameraløysing.
Autorisert teknisk personell hos KB har servicetilgang for å kunne utføre avtalt drift, vedlikehald, support og feilretting. Denne tilgangen kan gi tilgang til direktevisning og lokalt lagra opptak.
Tilgang til kamera og opptak
Tilgang til direktevisning eller opptak skal berre nyttast når dette er nødvendig for ei konkret teknisk oppgåve eller etter førespurnad frå kunden.
Tilgangen hos KB er avgrensa til autorisert personell med tenestleg behov.
KB skal ikkje bruke, kopiere eller dele kameraopptak til eigne formål.
Kunden sitt ansvar
Som behandlingsansvarleg er kunden mellom anna ansvarleg for:
- at kameraovervakinga har eit lovleg og definert formål
- plassering og bruk av kamera
- nødvendig informasjon og skilting
- nødvendig lagringstid
- kven som skal ha tilgang til direktevisning og opptak
- bruk og eventuell utlevering av opptak
- særlege krav dersom eigne tilsette blir omfatta av overvakinga
Skilting
Kameraovervaka område skal vere tydeleg merka.
KB kan levere og montere standard skilt ved installasjon. Kunden er som behandlingsansvarleg ansvarleg for at den samla informasjonen om kameraovervakinga oppfyller gjeldande krav.
Meir informasjon
For meir informasjon om kameraovervaking og personvern viser vi til Datatilsynet.