Vil du ha lokal fiber i Rustene? 📡
Kvinnherad Breiband vurderer no å byggje ut fiber i Rustene på Husnes. Før vi kan ta ei endeleg avgjerd, ønskjer vi å kartleggje kor stor interessa for fiber er i området.
For at vi skal kunne realisere ei utbygging, er vi avhengige av at nok husstandar ønskjer å bli med. Jo fleire som melder interesse, desto større er sjansen for at vi kan gå vidare med prosjektet.
Ei eventuell utbygging vil vere kostnadsfri for deg som kunde. Du betaler berre for det abonnementet du vel dersom utbygginga blir gjennomført.
Med fiber frå Kvinnherad Breiband får du ei stabil og framtidsretta internettilkopling frå ein lokal leverandør. Vi har både kundesenter og montørar i nærområdet, og ønskjer å vere tett på kundane våre både før, under og etter ei eventuell utbygging.
Meld interessa di
Bur du i Rustene og kunne tenkje deg fiber? Då håpar vi du vil registrere interessa di i skjemaet under.
Det er heilt uforpliktande å melde interesse. Registreringa di hjelper oss berre med å vurdere om det er tilstrekkeleg grunnlag for å byggje ut fiber i området.
Kjenner du nokon andre i Rustene som også kan vere interesserte? Tips gjerne naboen! 👋 Jo fleire som registrerer seg, desto betre grunnlag får vi for å vurdere utbygginga.
Har du spørsmål, er du velkomen til å kontakte oss på [email protected] eller 53 47 56 40.
Meld interessa di i skjemaet under 👇