Kvinne som skriv på ein datamaskin

Kundeansvar ved bruk av KB Kamera

Kun­den er behan­dlingsans­var­leg for kameraovervakinga.

Det betyr at verk­sem­da har ans­var for å vur­dere og sikre at kam­eraover­vakinga er lov­leg, nød­vendig og forholdsmessig.

Dette bør de ha kontroll på

For­mål
Defin­er kvi­for kam­eraover­vak­ing er nød­vendig. Kam­eraover­vak­ing og opp­tak skal ikkje nyt­tast til andre for­mål enn det som er fastsett.

Plasser­ing
Kam­era skal plasserast og avgren­sast slik at dei ikkje fan­gar opp større område enn det som er nød­vendig for formålet.

Til­gang
Avgrens til­gang til direk­te­vis­ning og opp­tak til per­son­ar med ten­est­leg behov. Skjer­mar med direk­te­vis­ning bør plasserast slik at uved­ko­mande ikkje kan sjå kamerabileta.

Lagring
Fast­set ei lagringstid som ikkje er lengre enn det som er nød­vendig for for­målet. Ver merk­sam på at sær­lege reglar kan gjelde ved kam­eraover­vak­ing på arbeidsplassen.

Skilt­ing og infor­masjon
Per­son­ar som kan bli kam­eraover­va­ka, skal få tyde­leg infor­masjon om over­vakinga. Skilt skal plasserast slik at infor­masjo­nen er syn­leg før ein går inn i det over­va­ka området.

Tilsette
Der­som eigne tilsette blir omfat­ta av kam­eraover­vakinga, gjeld sær­lege krav. Verk­sem­da må mel­lom anna vur­dere reglane om kon­trolltil­tak i arbeidslivet.

Utlev­er­ing av opp­tak
Opp­tak skal berre nyt­tast eller utleverast når det er lov­leg grunnlag for dette.

KB si rolle

Kvinnher­ad Breiband AS lev­er­er og driftar den tekniske løysin­ga og er data­behand­lar når vi behand­lar per­son­op­plysningar på veg­n­er av kunden.

Kam­eraopp­tak blir lagra lokalt på utstyr hos kun­den. Autoris­ert teknisk per­son­ell hos KB har teknisk fjern­til­gang til sys­temet for nød­vendig drift, ved­like­hald, sup­port og feil­ret­ting. Til­gan­gen kan gi moglegheit til å sjå direk­te­vis­ning og lagra opp­tak når dette er nød­vendig for den konkrete oppgåva.

KB skal ikkje nytte kam­eraopp­tak til eigne formål.

Behan­dlin­ga er reg­ulert gjen­nom data­behand­lar­avtal­en mel­lom kun­den og Kvinnher­ad Breiband AS.

For utfyl­lande infor­masjon om reglane for kam­eraover­vak­ing vis­er vi til Datatilsynet.