Nyheit! Eigen app for epost-tenesta vår

Ei skikke­leg glad­ny­heit til alle epost­brukarane våre! 📱💌

No blir det endå enklare å bruke e‑posten din frå Kvinnher­ad Breiband. E‑postappen vår er ende­leg tilgjen­ge­leg i App Store for iPhone, iPad og Mac!

Appen er laga for å gjere e‑post enkelt og over­sik­t­leg, slik at du raskt får til­gang til innbok­sen din – uansett kvar du er.

Med appen får du e‑posten lett tilgjen­ge­leg direk­te på din ein­ing, i ei løys­ing som er enkel å ta i bruk og enkel å finne fram i.

Kort sagt:

  • Enkel innlog­ging
  • Over­sik­t­leg innboks
  • Send og mot­ta e‑post direk­te i appen
  • Lett å bruke – heilt enkelt og greitt

Android kjem snart 🤖

Har du Android? Vi job­bar med å få appen tilgjen­ge­leg i Google Play òg, og håpar å ha denne på plass i næraste framtid.

Har du iPhone eller iPad, kan du laste ned appen frå App Store allereie no.


Slik ser den ut:

Gå til App Store og søk “Knett”. Appen skal då kome opp som forslag, og du las­tar denne ned. Du kan etter du har las­ta ned appen trykkje deg inn på dette ikonet på telefon/nettbrettet ditt:

Deretter vil du kome vidare til innlog­gin­ga, som ser slik ut.
Her skriv du inn epostadres­sa di og pas­sor­det ditt som nor­malt.
Har du behov for å nyt­ta “gløymd pas­sord”, gjer du dette ved å gå til www.mail.kband.no


Etter å ha log­ga deg inn, kjem du til innbok­sen din, som vil sjå slik ut:

For å opprette ein ny epost, trykkjer du på det grøne teike­blyant-ikonet ned­er­st i høgre hjørne.
Du vil då få opp dette, der du fyller inn mot­takar, emne og tekst som nor­malt før du trykkjer på send pil-ikonet oppe i høgre hjørne.

Vi håpar appen vil vere eit godt alter­na­tiv til 3‑parts appar og direk­te i net­tle­sar.
Har du tilbakemeldin­gar, er du alltid hjarte­leg velkomen til å ta kon­takt med oss!