VM 2026 på Telia Play
VM 2026 blir spelt i USA, Canada og Mexico, og Noreg er endeleg tilbake på fotballen si største scene. Som Telia-kunde har du fleire måtar å følgje kampane på – anten du brukar TV-boksen din eller vil sjå kampane via mobil, nettbrett eller PC.
Her får du oversikta over det du treng å vete.
Kvar kan eg sjå VM 2026 i Noreg?
VM-rettane i Noreg er fordelt mellom TV 2 og NRK. Dei fleste kampane går på TV 2 Direkte og NRK 1, som alltid er inkludert i Telia Play.
Enkelte kampar blir sendt på TV 2 Play. Desse får du enkelt tilgang til ved å velje inn TV 2 Play Start i valgmenyen med TV-poenga dine – utan ekstra kostnad.
Kampar som NRK har rettane til, men som ikkje blir sende på hovudkanalen, er fritt tilgjengelege i NRK TV-appen.
Kampane kan elles sjølvsagt takast opptak av — så kan du sjå når du vil, og kor mange gongar du vil!
Er du usikker på korleis du gjer endringar og val i valgmenyen eller korleis du generelt finn fram? Berre slå på tråden, vi hjelper deg!
Treng eg ekstra abonnement for å sjå VM?
Nei. Dei fleste kampane i VM går på NRK 1 og TV 2 Direkte – som alltid er inkluderte i Telia Play.
Nokre kampar går på TV 2 Sport 1, TV 2 Play eller NRK TV. Desse får du enkelt tilgang til gjennom Telia Play, TV-poenga dine eller NRK TV-appen.
Kampane til Noreg 🇳🇴
Her ser du når Noreg spelar kampane sine i gruppespelet, og kvar kampane blir sende. Vi kryssar fingrane for at Noreg går vidare – då fyller vi sjølvsagt på med fleire kampar her.
| Tidspunkt | Kamp | Kanal/teneste |
|---|---|---|
| 17. juni kl. 00.00 | Irak – Noreg | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 23. juni kl. 02.00 | Noreg – Senegal | NRK 1, NRK TV |
| 26. juni kl. 21.00 | Noreg – Frankrike | NRK 1, NRK TV |
Nyheit: Følg favorittlaget ditt
No kan du følgje ekstra godt med på utvalde lag i VM direkte i Telia Play. Kva lag du vil følgje, bestemmer du sjølv.
Slik gjer du det:
1. Klikk deg inn på ei kommande kampsending.
2. Der finn du laga, og kan klikke vidare til eitt lag.
3. Trykk “Følg” på laget du er ekstra glad i.
4. Då får du ei eiga rad “Mine lag” på VM-oversikta, og kan derfra sjå kommande sendingar for laga du følgjer.
Det går sjølvsagt fint å følgje så mange lag du vil!
Alle kampane i gruppespelet
Er du ivrig og vil sjå absolutt alle kampane? Her finn du oversikt over kampane i gruppespelet, med tidspunkt og kanal.
| Tidspunkt | Kamp | Kanal/teneste |
| 11. juni kl. 21.00 | Mexico – Sør-Afrika | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 12. juni kl. 04.00 | Sør-Korea – Tsjekkia | NRK 1, NRK TV |
| 12. juni kl. 21.00 | Canada – Bosnia-Hercegovina | NRK 1, NRK TV |
| 13. juni kl. 03.00 | USA – Paraguay | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 13. juni kl. 21.00 | Qatar – Sveits | NRK 1, NRK TV |
| 14. juni kl. 00.00 | Brasil – Marokko | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 14. juni kl. 03.00 | Haiti – Skottland | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 14. juni kl. 06.00 | Australia – Tyrkia | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 14. juni kl. 19.00 | Tyskland – Curaçao | NRK 1, NRK TV |
| 14. juni kl. 22.00 | Nederland – Japan | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 15. juni kl. 01.00 | Elfenbeinskysten – Ecuador | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 15. juni kl. 04.00 | Sverige – Tunisia | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 15. juni kl. 18.00 | Spania – Kapp Verde | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 15. juni kl. 21.00 | Belgia – Egypt | NRK 1, NRK TV |
| 17. juni kl. 00.00 | Irak – Noreg 🇳🇴 | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 17. juni kl. 03.00 | Argentina – Algerie | NRK 1, NRK TV |
| 17. juni kl. 06.00 | Austerrike – Jordan | NRK 1, NRK TV |
| 17. juni kl. 19.00 | Portugal – DR Kongo | NRK 1, NRK TV |
| 17. juni kl. 23.00 | England – Kroatia | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 18. juni kl. 01.00 | Ghana – Panama | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 18. juni kl. 04.00 | Usbekistan – Colombia | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 18. juni kl. 18.00 | Tsjekkia – Sør-Afrika | NRK 1, NRK TV |
| 18. juni kl. 21.00 | Sveits – Bosnia-Hercegovina | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 19. juni kl. 00.00 | Canada – Qatar | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 19. juni kl. 03.00 | Mexico – Sør-Korea | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 19. juni kl. 21.00 | USA – Australia | NRK 1, NRK TV |
| 20. juni kl. 00.00 | Skottland – Marokko | NRK 1, NRK TV |
| 20. juni kl. 02.30 | Brasil – Haiti | NRK 1, NRK TV |
| 20. juni kl. 05.00 | Tyrkia – Paraguay | NRK 1, NRK TV |
| 20. juni kl. 19.00 | Nederland – Sverige | NRK 1, NRK TV |
| 20. juni kl. 22.00 | Tyskland – Elfenbeinskysten | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 21. juni kl. 02.00 | Ecuador – Curaçao | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 21. juni kl. 06.00 | Tunisia – Japan | NRK 1, NRK TV |
| 21. juni kl. 18.00 | Spania – Saudi-Arabia | NRK 1, NRK TV |
| 21. juni kl. 21.00 | Belgia – Iran | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 22. juni kl. 00.00 | Uruguay – Kapp Verde | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 22. juni kl. 03.00 | New Zealand – Egypt | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 22. juni kl. 19.00 | Argentina – Austerrike | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 22. juni kl. 23.00 | Frankrike – Irak | NRK 1, NRK TV |
| 23. juni kl. 02.00 | Noreg 🇳🇴 – Senegal | NRK 1, NRK TV |
| 23. juni kl. 05.00 | Jordan – Algerie | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 23. juni kl. 19.00 | Portugal – Usbekistan | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 23. juni kl. 22.00 | England – Ghana | NRK 1, NRK TV |
| 24. juni kl. 01.00 | Panama – Kroatia | NRK 1, NRK TV |
| 24. juni kl. 04.00 | Colombia – DR Kongo | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 24. juni kl. 21.00 | Sveits – Canada | NRK, detaljar kjem |
| 24. juni kl. 21.00 | Bosnia-Hercegovina – Qatar | NRK, detaljar kjem |
| 25. juni kl. 00.00 | Skottland – Brasil | NRK, detaljar kjem |
| 25. juni kl. 00.00 | Marokko – Haiti | NRK, detaljar kjem |
| 25. juni kl. 03.00 | Mexico – Tsjekkia | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 25. juni kl. 03.00 | Sør-Afrika – Sør-Korea | TV 2 Play, TV 2 Sport 1 |
| 25. juni kl. 22.00 | Curaçao – Elfenbeinskysten | TV 2 Play, TV 2 Sport 1 |
| 25. juni kl. 22.00 | Ecuador – Tyskland | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 26. juni kl. 01.00 | Tunisia – Nederland | TV 2 Play, TV 2 Sport 1 |
| 26. juni kl. 01.00 | Japan – Sverige | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 26. juni kl. 04.00 | Tyrkia – USA | NRK, detaljar kjem |
| 26. juni kl. 21.00 | Noreg 🇳🇴 – Frankrike | NRK 1, NRK TV |
| 26. juni kl. 21.00 | Senegal – Irak | NRK, detaljar kjem |
| 27. juni kl. 02.00 | Kapp Verde – Saudi-Arabia | NRK, detaljar kjem |
| 27. juni kl. 02.00 | Uruguay – Spania | NRK, detaljar kjem |
| 27. juni kl. 05.00 | Egypt – Iran | TV 2 Play, TV 2 Sport 1 |
| 27. juni kl. 05.00 | New Zealand – Belgia | TV 2 Play, TV 2 Sport 1 |
| 27. juni kl. 23.00 | Panama – England | TV 2 Direkte, TV 2 Play |
| 27. juni kl. 23.00 | Kroatia – Ghana | TV 2 Play, TV 2 Sport 1 |
| 28. juni kl. 01.30 | Colombia – Portugal | NRK, detaljar kjem |
| 28. juni kl. 01.30 | DR Kongo – Usbekistan | NRK, detaljar kjem |
| 28. juni kl. 04.00 | Algerie – Austerrike | NRK, detaljar kjem |
| 28. juni kl. 04.00 | Jordan – Argentina | NRK, detaljar kjem |