Nye TV-kurs!

Braksuksess – no blir det nye gratis TV-kurs! 📺

Vi gjer det igjen!

TV-kur­sa våre vart ein skikke­leg brak­suk­sess sist, med stor pågang og fulle kurs. Difor er vi veldig glade for å kunne invitere til nye TV-kurs denne hausten!

Og ja – det er sjølvsagt fram­leis heilt gratis å delta🌟

Kurset pas­sar både for deg som synest TV-løysin­ga kan vere litt vrien, deg som vil lære nokre smarte triks, og deg som berre ønskjer ei oppfrisk­ing. Pas­sar alle aldrar!


📺 Kva lærer du på kurset?

Vi går gjen­nom dei vik­ti­gaste funksjo­nane i TV-løysin­ga, mel­lom anna:

  • Kor­leis bruke fjernkon­trollen på ein enkel måte
  • Kor­leis finne fram i TV-guiden
  • Kor­leis spole tilbake og sjå pro­gram du har gått glipp av
  • Kor­leis ta opp program
  • Kor­leis finne og byte TV-innhald slik at pakken pas­sar deg
  • Kor­leis bruke appar og strøymetenester
  • Kor­leis få tekst på programma
  • Smarte tips og triks som kan gjere TV-kvarda­gen enklare

Vi vis­er alt på storskjerm under­vegs, og det er god tid til spørsmål.

Her finst det ingen dumme spørsmål – spør om akku­rat det du lur­er på!


👋 Kven passar kurset for?

Kurset pas­sar for deg som:

  • ønskjer å bli tryg­gare på TV-løysin­ga di
  • synest det har blitt myk­je nytt å halde styr på
  • gjerne vil få meir ut av TV-abon­nementet ditt
  • vil lære meir om strøymeten­ester og innhald
  • ønskjer ei oppfrisking
  • ikkje er TV-kunde hjå oss enno, men er nys­g­jer­rig på løysinga
  • du som allereie har vore på kurs, men vil ha ein oppfriskingsrunde

Du treng ingen teknisk kunnskap frå før. Vi brukar van­lege ord, vis­er i prak­sis og tek oss god tid.


☕ Låg terskel og god tid

Kurset var­er om lag 1,5 time, og vi held grup­pene små slik at det er rom for spørsmål og dialog.

Ta gjerne med deg fjernkon­trollen din der­som du vil – då kan det vere enklare å føl­gje med på knap­pane medan vi viser.

Du må ikkje vere kunde hjå Kvinnher­ad Breiband for å delta.
Kurset er gratis for alle, så ta gjerne med deg ein ven, nabo eller familiemedlem!


📍 Praktisk informasjon

Stad: Heiamy­ro 3A, 5460 Husnes

  1. etas­je i Seniorsenteret

Nye kurs­da­toar:
I første omgang 3. og 10. sep­tem­ber, med moglegheit for fleire ved stor pågong.

Tid: kl. 13:00 til ca 14:30

Pris: GRATIS 🎉

Det er avgren­sa tal plas­sar på kvart kurs. Førre runde vart raskt full­booka, så vi anbe­faler å melde seg på tid­leg der­som du vil sikre deg plass.

👉 Meld deg på her:


Vi gler oss til ein ny kursrunde! 💚

Etter den fan­tastiske respon­sen sist gler vi oss skikke­leg til å ønskje både nye og tidle­gare deltakarar velkomne tilbake.

Målet er enkelt: Det skal vere lettare å finne fram, lettare å bruke TV-løysin­ga – og lettare å sjå akku­rat det du vil, når du vil.

Velkomen på gratis TV-kurs hos Kvinnher­ad Breiband!