Kaller alle fotballfans i Kvinnherad! Frå 14. til og med 31. august får du igjen sjansen til å sikre deg V Premium eller Viaplay Total til knallpris: 499,- i månaden i 12 månader.
Premier League er i gang, hausten nærmar seg – og no gjer vi det litt billegare å fylle skjermen med fotball, sport, film og seriar!
🔥 Berre 499,-/mnd i 12 månader
Bestiller du innan 31. august, kan du velje mellom:
- V Premium – 499,-/mnd i 12 månader
Ordinær pris: 749,-/mnd - Viaplay Total – 499,-/mnd i 12 månader
Ordinær pris: 799,-/mnd
Kampanjeprisen krev 12 månaders bindingstid.
Etter dei 12 månadene går abonnementet automatisk vidare til gjeldande ordinær månadspris. Du kan etter bindingstida seie opp abonnementet når som helst (merk oppseiingstid inneverande + ein månad).

⚽ V Premium eller Viaplay Total – kva skal eg velje?
Begge alternativa gir deg tilgong til Premier League, men den viktigaste forskjellen er kvar innhaldet ligg og korleis du ønskjer å sjå det.
Vel V Premium dersom du:
- vil ha Premier League og sportskanalane samla i kanallista på TV-en
- ønskjer å redusere sjansen for små forsinkingar på direktesendt sport
Med V Premium får du Premier League gjennom ein kanalpakke i Telia Play. Sportskanalane blir ein del av TV-opplevinga di, på same måte som dei andre TV-kanalane dine. Viaplay film og serier følgjer med i pakken, men sjølve sportsbiten ser du gjennom TV-kanalar.
Du kan sjå på TV-boksen heime, i Telia Play-appen eller på teliaplay.no.
Vel Viaplay Total dersom du:
- ønskjer å ha alt samla i Viaplay-appen
- vil kunne bruke Viascore-appen til mellom anna statistikk og livescore
Med Viaplay Total får du Premier League gjennom Viaplay si strøymeteneste. Sport, filmar, seriar og anna innhald er samla i Viaplay-appen, slik du kjenner det frå andre strøymetenester.
Kort fortalt:
📺 Vil du ha Premier League som ein del av den vanlege TV-opplevinga di? Vel V Premium.
📱 Vil du ha heile Viaplay-opplevinga samla i Viaplay-appen? Vel Viaplay Total.
Uansett kva du vel, er kampanjeprisen den same: berre 499,-/mnd i 12 månader.
📺 Har du ikkje TV frå oss i dag?
For å kunne aktivere kampanjetilbodet på V Premium eller Viaplay Total må du vere TV-kunde hos Kvinnherad Breiband.
Har du berre fiber frå oss i dag? Då kan vi sjølvsagt hjelpe deg med å få TV også.
Fiber 500 + Telia Play 60 poeng
- 1300,-/mnd utan TV-dekodar (appbasert bruk)
- 1349,-/mnd med TV-dekodar
Abonnement på V Premium eller Viaplay Total til 499,-/mnd kjem i tillegg til prisen på fiber- og TV-pakken.
Med grunnpakke 60 poeng iTelia Play får du ein fleksibel TV-kvardag der du sjølv kan bruke TV-poenga dine på kanalane og strøymetenestene du ønskjer.
Du får mellom anna:
- TV-kanalar og strøymetenester samla på éin stad
- moglegheit til å byte innhald etter kva du ønskjer å sjå
- tilgang på TV, mobil, nettbrett og PC
- ein fleksibel TV-pakke du kan tilpasse etter behov
👉 Les meir om TV og Telia Play på www.kband.no/tv
⏰ Bestill innan 31. august
Kampanjen gjeld frå 14. til og med 31. august 2026, og bestilling må vere sendt inn seinast 31. august.
Kundesenteret vårt behandlar primært bestillingar og henvendingar måndag til fredag kl. 08.00–15.00.
Ved stor pågang kan det ta litt lengre tid før du får svar frå oss, men alle bestillingar som er sendt inn innan fristen blir behandla så raskt vi kan.
Klar for Premier League, sport, film og seriar til kanonpris? Sikre deg V Premium eller Viaplay Total til berre 499,-/mnd før kampanjen er over ved å fylle ut bestillingsskjema under ⚽📺🔥