Stor pågang, mykje aktivitet og mange nye kundar 

Det har vore ein svært trav­el og kjekk start på 2026 for oss i Kvinnher­ad Breiband. Heilt sidan starten av året har vi hatt stor pågang for nye fiberin­stal­lasjonar, utvid­ing av eksis­terande sam­band og generelt høg aktivitet på fleire område i bedrifta.

Det synest vi er skikke­leg stas.

Når både nye kun­dar, eksis­terande kun­dar og hyt­te­folk tek kon­takt for å få fiber, opp­gradere løysin­gar eller høyre meir om kva vi kan til­by, er det eit tyde­leg teikn på at sta­bile og gode dig­i­tale løysin­gar er vik­ti­gare enn nokon gong. Både i heimane, på hyt­tene og for næringslivet i Kvinnherad.

For oss er dette først og fremst noko vi er veldig takksame for. Det betyr myk­je at så mange vel ein lokal breiband­sleverandør, og at vi får lov til å levere ei ten­este som har blitt heilt sen­tral i kvarda­gen til folk.

Stor respons på personlege brev

Ein del av den store aktiviteten kjem også etter at vi har sendt ut per­son­lege, hand­skrivne brev til fleire område i Kvinnher­ad. Desse bre­va har blitt svært godt mottekne!

Respon­sen har kome frå både lokale innbyg­garar og hyt­teeigarar med tilknyt­ing til Kvinnher­ad – mange av dei busette rundt om i heile lan­det. Nokre bur i Bergen, nokre på Aust­landet, nokre endå lenger vekke, men alle har dei ei tilknyt­ing hit.

Det er kjekt å sjå at inter­es­sa for gode fiber­løysin­gar er så stor, også blant dei som brukar bus­taden eller hyt­ta si delar av året.

For oss vis­er dette kor vik­tig Kvinnher­ad er for mange, anten ein bur her fast, kjem heim i hel­ger og feri­ar, eller har ein fritids­bus­tad dei vil bruke meir.

Litt lenger leveringstid (av ein veldig kjekk grunn!)

Den store pågan­gen betyr også at vi for tida har noko lengre lev­er­ingstid enn nor­malt på enkelte nyin­stal­lasjonar. Vi veit at det kan vere kjede­leg å vente når ein først har bestemt seg for fiber, og vi har full forståing for at mange gjerne vil kome i gang så raskt som mogleg.

Sam­tidig er årsa­ka heldigvis pos­i­tiv: Det er rett og slett mange som har valt fiber frå oss.

Mon­tørane våre er ute kvar dag og koplar opp nye kun­dar, utvi­dar sam­band, feil­ret­tar, plan­legg og klargjer nye instal­lasjonar. I til­legg job­bar kun­de­sen­teret, teknisk avdel­ing og admin­is­trasjo­nen med å føl­gje opp bestill­ingar, svare på spørsmål og leg­gje til rette for at alt skal gå så smidig som mogleg.

Vi job­bar fortlø­pande med å få alle nye kun­dar på nett, og gjer vårt beste for å halde god fram­drift utan at det skal gå på kost­nad av kvaliteten.

Lokal satsing med lokal service

Som lokal leverandør kjen­ner vi områ­da, byg­dene og beho­va her i Kvinnher­ad. Det er ein stor fordel både når vi plan­legg nye instal­lasjonar, vur­der­er utbyg­ging og hjelper kun­dar med løysin­gar som pas­sar deira heim, hytte eller bedrift.

Vi veit at fiber ikkje berre hand­lar om fart. Det hand­lar om at ting skal fun­gere i kvarda­gen. TV-en skal streame, Teams-møtet skal gå utan hakk, ungane skal kunne spele, hyt­ta skal vere tilko­pla, og bedrifter skal ha sam­band dei kan stole på.

Difor er det ekstra kjekt å sjå at stadig fleire vel lokalt.

Tusen takk for tilliten!

Til alle som har bestilt fiber, opp­gradert abon­nementet sitt, teke kon­takt etter brev frå oss, tip­sa naboen eller berre kome innom kun­de­sen­teret for ein prat: Tusen takk.

Vi er stolte, glade og aud­mjuke over den store inter­es­sa. Det gjev oss både moti­vasjon og ener­gi til å halde fram arbei­det med å byg­gje gode, sta­bile og framtid­sret­ta løysin­gar i Kvinnherad.

Vi gler oss til å kople opp endå fleire kun­dar i tida som kjem. 💚
Som alltid med lokal ser­vice, glob­al oppleving 🌍