Teknologiløft til 1000…

Det nær­mar seg nytt år etter eit spanande 2023 med mange store pros­jekt i heile Kvinnher­ad. Vi har funne oss godt tilrette på Husnes og både ser og snakkar med fleire kun­dar enn nokon gong. Vi har fiber i stort sett heile Kvinnher­ad, fordelt på 5350 kun­dar både på pri­vat og bedriftsmarknaden. 

Teknologiløft og føre­bu­ing på framti­da
Heilt tilbake til 2017 har Kvinnher­ad Breiband job­ba aktivt med å byte ut alle sine eldre typar heime­sen­tralar til 1000 Mbps grens­es­nitt for å føre­bu kun­dane på framti­da og kunne til­by betre ten­ester og høgare net­t­fart til alle våre kun­dar i heile Kvinnher­ad. 
No er målet nådd, ende­leg!
Dei siste 700 kun­dane med dei eld­ste heime­sen­tralane er straks opp­graderte, og vi er no klare med våre nye pro­dukt og skred­darsy­dde løysin­gar ut til fleire tusen heimar. Den lågaste net­t­farten aukar frå 80 til 100 Mbps på pri­vat­mark­naden.
Førre endring av lågaste net­t­fart og pris vart justert i 2019. 

Mark­nad­stil­pass­ing av pris­ar, pro­dukt og ten­ester
Prisendringa frå årsskiftet er ei generell prisauke og mark­nad­stil­pass­ing av pris­ar og net­t­fart.
Vi tar også høgde for auka kost­nad­er som fyl­gje av inflasjon og for å sikre god utvikling av både teknolo­gi og fiber­nett i vår region.
Det vert kon­tin­uer­leg job­ba med mål om å levere sta­bile ten­ester med god kvalitet som er naudsynt og vik­tig både no og i framtida. 

Nye inter­nett pris­ar for pri­vatkun­dar frå 01.01.2024

Inter­nett pro­dukt Pris pr mnd NY! Pris pr mnd
Fiber 80 kr 549utgår (ikkje nysal sidan 01.03.23)
Fiber 100 kr 649 kr 649 (uen­dra pris, erstat­tar fiber 80) *
Fiber 200 kr 699kr 699 (uen­dra pris) 
Fiber 500kr 999kr 899 (prisre­duk­sjon kr 100)
Fiber 1 Gigkr 1099kr 999 (prisre­duk­sjon kr 100) 

* Fiber 80 stop­pa som nysal 01.03.23.
Alle kun­dar med fiber 80 får auka net­t­fart til fiber 100 og ny pris kr 649 pr mnd, frå 01.01.24.
Les meir om net­t­fart om du er forvir­ra av uttrykket.

Der­som du er tv-kunde på “gam­mal” tv-plat­form kan det vere løn­samt å opp­gradere abon­nementet for gode pakkepris­ar med topp net­t­fart.
Gjel­dande vilkår for pri­vate.

Våre Inter­nett og TV pakkar

Merk at desse pakkeprisane er gjel­dande for alle som har opp­gradert abon­nementet sitt med nytt utstyr og til ny tv-plat­form (med ny tv-plat­form meinast bruk av dei nyaste tv-bok­sane som kom på mark­naden for nokre år sidan, såkalla stream­ing bok­sar).
Ei opp­grader­ing krev heilt enkelt ei utskift­ing av tv-dekoder(ar).
HOHOHO! Vi tilbyr gratis opp­grader­ing i heile desem­ber og jan­u­ar, nor­mal pris er kr 990.

Din pris kan avvike frå denne fram­still­inga der­som du har eldre typar tv-dekoder­ar og tv-plat­form (med og utan opp­tak, antal tv-dekoder­ar, type tv-dekoder, type net­t­fart, osv).

Fortvil ikkje, dette kan gjerast noko med, sjå pris­ar her.

Vi har ein auke i bestill­ing på pakkar med Inter­nett og TeliaPlay, her er det pen­gar å spare, som fleire og fleire har oppdaga. 

Pris­ar fast­tele­foni frå 01.01.24:

Pro­dukt Telefoni Pris pr mnd Ny! Pris pr mnd 
Tele­foni lokal 39 pr mnd 69 pr mnd 
Tele­foni nasjonal 139 pr mnd 199 pr mnd 
Tele­foni global 199 pr mnd Utgår!

Vi har fram­leis ein del tele­fonikun­dar. Dette er imi­dler­tid ikkje eit sats­ing­spro­dukt. Dei fleste har i dag mobil­tele­fon og kan ringe over eige WIFI (wifi — tale). Merk at tel­jarskrit­ta kjem i til­legg for bruk utover det som er inklud­ert i avtal­en. Alle med Tele­foni Glob­al har fått eigen sms med infor­masjon om endring. Desse avta­lane går over til Tele­foni Nasjon­al frå 01.01.24.
Pro­duk­tet er under avvikling innan 2–5 år. Les meir om tele­foni her.

KB TRÅLAUST — SOLID WIFI

Vårt nye tråd­lause sys­tem “KB Tråd­laust” er vår nye sats­ing, og her er det allereie mange gode tilbakemeldin­gar frå kun­dar som har teke ten­es­ta i bruk.
KB Tråd­laust kan du leige hjå oss frå kr. 99,- per månad.
Etab­ler­ingskost­nad er kr. 1490,- der­som vi mon­ter­er.  På nyin­stal­lasjon slepp du etab­ler­ing på KB Tråd­laust. Hen­tar du utstyret sjølv er etab­leringa kr 500.
Merk at dette pro­duk­tet er inklud­ert ser­viceav­tale og du vil få til­gang til ein eigen app med forel­drekon­troll og mange andre nyt­tige funksjonar for opti­malis­er­ing av heimenet­tet.
Les meir her.

Bedriftsabon­nement
Net­t­farten for bedrifter vart sist endra 01.03.23 og vert ikkje endra frå 01.01.24. Vi job­bar imi­dler­tid med spanande sats­ing på utvi­da SLA (ser­vice lev­el agree­ment) pakkar som vi håpar å lansere innan 1. kvar­tal 2024. Vi ser eit aukande behov for breiband­sten­ester 24/7 hjå særs mange spanande bedrifter i Kvinnher­ad. Då er ser­vice og tilgjenge særs vik­tig.
Du finn over­sikt på dei generelle prisane for bedrifter her.
Gjel­dande vilkår for bedrifter.

Kun­dekon­takt og lokal ser­vice
Vi håpar du finn glede i våre pro­dukt og ten­ester.
Vårt kun­de­sen­ter er ope alle kvarda­gar frå kl. 8 — 15, tele­fon 53475640.
Du er også velkomen innom for ein prat i Heiamy­ro 3A, Husnes.

Ved behov eller ynskje om endring på ditt abon­nement ber vi om å få dette skrift­leg til post@kband.no. Du kan også nytte opp­grader­ingsskje­ma eller kon­takt oss skje­ma på vår heimeside. 

Glob­al opplev­ing. Lokal service.