Som mange av dykk allereie har fått med dykk så har vi gjort ein del endringar på nettfarten for ein del totalpakkar innan internett og tv.
Les meir her om du ikkje har fått dette med deg.
For måling av denne anbefalar vi deg å koble ein nettverkskabel direkte til fiber modem/heimesentral og inn i pc/mac.
Dette kallar vi “kabla nettfarttest”.
På den måten kan du måle din reelle nettfart levert av Kvinnherad Breiband. Gå deretter inn på sida nettfart.no og trykk på “Start testen” knappen. Lurer du på kva fart du har?
Fakturaen din vi vise kva nettfart du har.
Du vil då få nedlasting og opplastingshastighet på di internettlinje (vi likar å kalle det nettfart).
Hos oss skal du ha same nettfart både opp og ned (kan vere “ørsmå” nyansar).
Har du til dømes fiber 100 så vil nettfarten vere ca. tilsvarande, det vil seie 100/100 mbps.
Dersom du nyleg har oppgradert di internettlinje kan du (om du ikkje har tid til å vente) ta ein omstart av ditt fiber modem/heimesentral, vent nokre minuttar og set straumen på att. Ta deretter måling med kabel. Det tar kun nokre minuttar å få testresultatet opp på skjermen din.
Dersom du har eige trådlaust utstyr (ruter eller mesh nettverk) er det viktig å vere klar over at nettfarten går direkte mot ditt fiber modem/heimesentral.
Det er heilt normalt å ha lågare nettfart frå eigen ruter til dei einingane du loggar på med. Dette vil kunne variere veldig avhengig av plassering av eige utstyr og ikkje minst rekkevidde og kapasitet på ruter.
Alder og kvalitet på eige utstyr spelar også ei betydeleg rolle på utfallet.
Ein skikkeleg solid trådlaus ruter eller eit mesh nettverk kan gi same testresultat som med kabel.
Klar for ei oppgradering?
Dersom du har ei eldre tv løysing med tv-boksar utan strøymetenester er det fullt mogleg å oppgradere til heilt ny tv-plattform.
Lurer du på noko kan du ringe vårt kundesenter på telefon 53475640 kvardagar frå kl. 8–15 eller sende ein e‑post til post@kband.no.