Aktivering av “MI SIDE”

Sjølv om du har vore kunde hjå Kvinnher­ad Breiband ei årrekkje ber vi deg no om å akti­vere ny brukar for innlog­ging til “mi side”.

Innlog­gingssi­da vår “mi side” på www.kband.no er rel­a­tivt “nyop­pus­sa”.
Der­som du ikkje nyleg har laga deg brukar til innlog­ging anbe­falar vi deg å gjere det allereie i dag. Du trykke på “reg­istr­er bruker”.

Vidare legg du inn ditt kun­denr og pin kode (dette står på fak­tu­ra frå Kvinnher­ad Breiband).

Du legg deretter inn ei e‑post adresse og nytt pas­sord x 2. Du har då reg­istr­ert ny brukar til innlog­ging på vår heime­side.

Du mot­tek deretter ein e‑post som ber deg bekrefte ny brukar.

Kvi­for “MI SIDE”?
Ved innlog­ging på “mi side” får du ein full­s­tend­ing over­sikt på ditt abon­nement hjå Kvinnher­ad Breiband.
Du kan hente ut fak­tu­rakopi og sjå kva pro­dukt og ten­ester du beta­lar for.

TV frå TELIA gir rom for flek­si­bilitet

Der­som du har TV frå TELIA kan du også admin­istrere dine kanalar via eigen “kanalvel­jar”.
Her kan du admin­istrere din eigen kanal­pakke. Dette er kost­nads­fritt.
Logg deg inn på “mi side” og velg deretter kanalvelger. 

Du kjem deretter inn til val­gmenyen som ser slik ut:

Døme på innlog­gings­bilete (vari­er­ar avhengig av kva tv-pakke du har): 

Du har over­sikt på faste kanalar og val­gt innhald under fanene:

Under fana “Val­gt innhold” kan du sjølv velge innhald inn og ut av din eigen kanal­pakke, då innan­for det antal poeng du har i tv pakken din.
Der­som du har TV TELIA 50 poeng har du 50 poeng totalt i tv-pakken din.
Utvi­dar du pakken til TV TELIA 110 poeng har du 110 poeng totalt i tv-pakken din, og endå meir innhald tilgjen­ge­leg under “val­gt innhald”. Du kan vel­je innhald inn og ut av tv-pakken akku­rat når du måtte ynskje det, utan ekstra kost­nad.

Lur­er du på noko?
Ta kon­takt med vårt kun­de­sen­ter på tele­fon 53475640.
Her er ope alle kvarda­gar mel­lom kl. 08–16.