ENDRING av PRODUKT, PRIS OG NETTFART
frå 01.11.20
For å imøtekomme alle krav til auka fart i nettet er vi i gang med store investeringar for å møte framtida slik at du som kunde skal ha ein god forutsigbar nettkvardag. Både pris og nettfart vert marknadstilpassa og det vert endring i nettfart og pris frå 01.11.20.
Kvinnherad Breiband er i sluttspurten på teknologiskifte som gjer at vi kan tilby høgare nettfart til våre kundar. Om lag 3500 kundar er overkopla, det gjenstår nokre sentralar, i Rosendal sentrum, Husnes Sentrum, Teigen og Åkra. Arbeidet med overkopling pågår utover hausten og skal vera ferdig på nyåret. Det har vore eit omfattande arbeid med omleggjing av fiberkablar, nettstruktur og planlegging av nytt nett i heile Kvinnherad. Oppgraderinga starta allereie i 2018, og har såleis vore ressurs og kostnadskrevjande. Prosjektet har også vore veldig utfordrande og givande for dei tilsette.
Oppgradering av fibernett gjer vi for å møte framtida og for at du som kunde framleis kan få gode og konkurransedyktige produkt i åra som kjem.
Prisen på basisproduktet vårt “Fiber Normal” vert endra frå kr 499 til kr 549 per månad.
Nettfarten vert samstundes auka frå 50 til 80 mbps (opp og nedlasting).
Nokre av våre nettfart alternativ går også ned i pris, sjå oppsett nedanfor for kva som gjeld for deg (er du usikker på kva du har så ser du dette på fakturaen din, eller ved innlogging på “mi side”).
PERSONALIA
Vi oppmodar alle våre kundar til å ta ein dobbelsjekk på personalia.
Ligg du inne med rett telefonnummer og e‑post adresse?
Vil du ha faktura pr post? Nei? Send oss beskjed til post@kband.no så kan vi sende deg faktura pr e‑post (gratis). Dersom du ynskjer efaktura eller avtalegiro kan dette opprettast direkte i nettbanken din.
Har du avtalegiro i dag med maksgrense? Ta ein dobbeltsjekk at maksgrensa ikkje er for låg før neste faktura i november.
PRIS OG PRODUKTENDRING
frå 01.11.2020
Fiber Normal vert endra til Fiber 80.
Prisen aukar frå kr 499 til kr 549 per månad.
-hastigheten aukar frå 50/50mbps til 80/80 mbps
Fiber Medium vert endra til Fiber 80.
Prisen går ned frå kr 599 til kr 549 per månad.
-hastigheten aukar frå 75/75mbps til 80/80 mbps
Fiber Large vert endra til Fiber 200.
Prisen aukar frå kr 649 til kr 699 per månad.
-hastigheten aukar frå 100/100mbps til 200/200 mbps
Fiber XL1 vert endra til Fiber 200.
Prisen går ned frå kr 749 til kr 699.
-hastigheten blir 200/200 mbps som i dag.
Fiber XL2 vert endra til Fiber 500.
Prisen går ned frå kr 1049 til kr 999.
-hastigheten aukar frå 400/400 mbps til 500/500 mbps.
Fiber XL3 vert endra til Fiber 1G.
Prisen går ned frå kr 1599 til kr 1299.
-hastigheten blir 1000/1000 mbps som i dag.
Fiber Fritid vert heitande Fiber Fritid. (kun for registrerte fritidsbustader).
Prisen aukar frå kr 399 til kr 449 per månad.
-hastigheten aukar frå 15/15mbps til 50/50 mbps
For kundar med kampanjetilbod som er i bindingstid blir prisen uendra til binding utgår. Ny prisliste blir gjeldande når kampanjeperioden utgår for dei som har kampanjeprodukt. Er du usikker på kva du har eller ynskjer å ha, ta kontakt då vel:)!
Tripple play/totalkundefordel (dvs om du har alle tenester internett, tv og telefoni) konseptet utgår frå vårt sortiment.
Førre prisauke for internett var i 2015.
HASTIGHETSAUKE BEDRIFT
frå 01.11.2020
For bedriftskundar vert det ingen prisendring, men hastigheten vert oppjustert.
Fiber 1 vert endra til Bedrift 30.
Prisen vert uendra kr. 1099,-
-hastigheten aukar frå 15/15 mbps til 30/30 mbps.
Fiber 2 vert endra til Bedrift 60.
Prisen vert uendra kr. 1599,-
-hastigheten aukar frå 30/30 mbps til 60/60 mbps.
Fiber 3 vert endra til Bedrift 100.
Prisen vert uendra kr. 2599,-
-hastigheten aukar frå 60/60 mbps til 100/100 mbps.
Prisar bedrift er oppgjevne eksklusiv mva.
NY TV TEKNOLOGI – NYE MULIGHETAR
Vi kjem og med gunstige pakkeprisar for TV og internett i forbindelse med ny TV-teknologi.
Nye kundar kan bestille desse allereie no. Eksisterande kundar kan oppgradere til ny teknologi med byte av dekoderar og få same pakkar, oppgraderingsprisen er kr 990 inkludert byte av 1 dekoder.
Det kostar kr 499 kr per tilleggsdekoder i bytte ut over dette og månadspris er kr 49 per dekoder.
Du får skylagring med i prisen (verdi kr 99).
Med skylagring kan du lagre inntil 500 timar med opptak.
Dette kan du lese meir om her.
NY TV-KVARDAG
Måten vi ser TV på har endra seg dei siste åra. Nyhende, filmar og seriar ser vi like gjerne på nettbrett, mobil og PC som på den tradisjonelle TV-dekoderen. Dette medfører og ein kraftig trafikkauke i nettet vårt, mange har allereie auka nettfarten sin grunna overgang til TV via strøymebaserte tenester som Netflix, NRK-app og TV2 Sumo.
Kvinnherad Breiband har fått tilgang på Get sin nyaste TV-dekoder som er streamingbasert og gjer det mogleg med nye tenester i TV-kvardagen, du kan få alt Get sitt kjente innhald i tillegg til app-ane til Netflix, NRK, TV2, Viaplay og andre på same fjernkontroll.
Denne er og tilgjengeleg for eksisterande kundar dersom ein vel oppgraderingspakke, denne dekoderen krev meir bandbreidde enn tidlegare dekoder. Vel du denne oppgraderingspakken får du ny dekoder, høgare fart og opptak i sky. Bestill på heimesida vår, eller kontakt oss om du vil vite meir.
Du kan og bruke Google Chromecast eller Apple-TV4 til å sjå TV på.
Har du fått med deg at Get er blitt TELIA?
KB TRÅDLAUST #VIFIXAR
KB Trådlaust er eit MESH Wifi system som vi tilbyr på leige. Våre folk installerer inntil 3 sendarar i bustaden din som sikrar godt trådlaust nett der du oppheld deg. Månadsprisen er kr 99 og etableringsprisen kr 1490.
Kvinnherad Breiband har eit eige team om du har behov for litt eksperthjelp med til dømes å måle Wifi-dekning, utvide Wifi-dekninga i huset ditt, kople opp trådlaust utstyr m.m.
Vi tek på oss ulike oppdrag og tek gjerne eit heimebesøk.
Timepris for montør/teknikar er kr 937,50.
Alle prisar er oppgjevne inklusiv mva.
Sjå den nye nettsida vår for informasjon om dei nye produktpakkane.
Lurer du på noko?
Ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 53475640
(ope kvardagar frå kl. 07:30 — 15:00) eller e-post post@kband.no.