Hender med hansker held ein nettverkskabel

INFO – smittevern og drift

Som ei sam­funnskri­tisk verk­semd er vi avhengig av å kunne drifte net­tet vårt på best mog­leg måte. 

Vi må difor min­imere all aktivitet som inneber fare for smitte og vidare sprei­ing av koron­avirus. Dette gjer vi for å ivare­ta både kun­dar og tilsette.

Kvinnher­ad Breiband har inntil vidare stop­pa all installasjonsarbeid/feilretting som med­før­er kon­takt med kundar. 

Vi ber om ekstra tolmodigheit frå kun­dane våre, og vil gjere det vi kan for å feil­rette, svare på spørsmål og bistå med hjelp via telefon.

Kun­de­mot­taket vårt i Dim­melsvik er også stengt for per­son­leg frammøte.

Vi føl­ger helse­myn­dighet (fhi.no) og kom­munen si ret­tlei­ing for våre medar­bei­dar, og skal gjere det vi kan for å stoppe smitte/spreiing av koron­avirus.  Det er for tida vanske­leg å få tak i verneut­styr som kan tillate heimebesøk innan­for forsvar­lege og anbe­falte rammer.

For å begrense risiko for feil på eige utstyr og behov for feil­ret­ting opp­modar vi om å ta enkle forhandsreglar:

  • La utstyr som heime­sen­tral/tv-dekoder stå mest mog­leg beskytta
  • Ikkje prøv å fly­tte på heime­sen­tral i sam­band med oppuss­ing og liknande
  • Grav­ing der det befinn seg fiber infra­struk­tur bør utset­jast – min­imer risiko for skade.
  • Ta kon­takt med vårt kundesenter/vakttelefon for råd

Her sit per­son­al som kan utføre feil­ret­ting “remote” (via telefon/pc) og teknikarar som er klare til å bistå på best mog­leg måte ved behov.

Vi opp­modar alle våre fan­tastiske kun­dar til å vere flek­si­ble, lære­vil­lige, lyd­høyre og kreative – det vil då vere lettare å løyse det av utfor­dringar som kan dukke opp.

Vårt kun­de­sen­ter er ope på tele­fon 53475640 frå kl. 07:30 – 15:00 kvardagar. 

Du når oss på vak­t­tele­fon 53475670 etter kl. 15:00, helg/heilagdagar. 

Hels­ing,
Kvinnher­ad Breiband