Frå og med 24.01 (og ca. 2–3 veker) kan du regne med å få tilsendt ein marknadsundersøkelse via e‑post. Her kan du som kunde få moglegheit til å kome med dine meiningar om Kvinnherad Breiband, bransjen og produkt frå Telia.
Dette er ei undersøking vi gjennomfører i samarbeid med Telia.
Estimert svartid er 7–10 minutt. Sjølve undersøkinga blir sendt frå Opinionen via e‑post. Her ligg ved ein link som kan opnast for å få tilgang til alle spørsmåla.
Vi vil trekkje ut to tilfeldige vinnarar av universal gåvekort frå Opninionen (kr 500) i tillegg til to bonusvinnarar av gåvekort for Husnes Storsenter på à 2500 kr.
Alle tilbakemeldingane blir behandla konfidensielt av Opinionen.
Vi set stor pris på om du tek deg tid til å besvare desse spørsmåla.
Di meining er viktig for oss.
På førehand tusen takk.
Med venleg helsing
Dagleg leiar Gunnhild Nilsen Hillestad
i Kvinnherad Breiband og teamet i Opinionen