Nye lokaler Husnes sentrum

Det er sto­re steg og god fram­drift for Hus­nes Senior­sen­ter kvar ein­as­te dag.
Alle faga job­bar som flit­ti­ge mau­rar.
Byg­get er fer­dig støypt og heilt tett, kon­to­ra er spark­la og kjøk­ke­net står for tur i star­ten av febru­ar. Her er vi så hel­di­ge og skal inn i hei­le 1. eta­sje.

Det er mykje vi skal ta stil­ling til innan­dørs. Far­gar, gulv, tak, lys, hand­tak, lås­sys­tem, inn­rei­ing, for å nem­ne noko.
Det vik­ti­gas­te i plan­leg­gin­ga er å skred­dar­sy loka­la for brei­bands­ak­ti­vi­te­tar, høg triv­sel og vida­re vekst.
Vi skal byg­gja opp vårt eige data­sen­ter på næra­re 50 m² og byg­gje opp ein heilt ny sen­trums­no­de som “rom­mar” ca. 500 kun­dar i nær­om­rå­de.
Lage­ret blir på litt over 200 m². Vi har totalt 12 kon­tor å bolt­ra oss på. Det vert elles lagt opp til eit roms­leg kjøk­ken, med to møte­rom som ligg “vegg i vegg” med skyve­dør i mel­lom.
Elles så ser vi vel­dig fram til inn­flyt­ning til vår­en og klar­gje­ring av hage med driv­hus utover suma­ren.
Følg oss gjer­ne på face­bo­ok, her legg vi ut små snut­tar frå stort og smått i frå prosjektet. 

Man­ge er spen­te på resul­ta­tet, og det er jam­men meg vi også!
Vi ser fram til fort­set­jin­ga i veke­ne som kjem, og rundt påske­ti­der skal vi etter pla­nen flyt­te inn.