Oppstart fiberutbyggjing på Baugstranda og Skorpo.
Det er med stor glede vi kan melde at det blir oppstart av fiberutbyggjing
på Baugstranda. Materiell er bestilt inn, og BKK vil starte opp med
strekkjing av linjer til stamnettet august/september i år. Påkopling av
abonnentar vil starte våren 2022.
Det er kome ekstra løyvingar og nye ordrar som gjer at anleggsbidrag til den enkelte abonnent vil bli lågare enn skissert tidlegare. Kvar enkelt som har bestilt
vil bli kontakta om framdrift når prosjektet er i gang.
Vi gler oss til å komme i gang med utbyggjinga og tek gjerne i mot fleire
bestillingar.
Sjøkabel er kome fram til Skorpo, nettet der vil bli klart for dei fyrste
tilkoplingane i haust.
Snilstveitøy og Kalven må ha eigen framføring i sjøkabel og vil komma på
eit seinare tidspunkt, dette vil vi komma attende til når planane er klare.
Kvinnherad Breiband vil med dette ynskja alle våre kundar og kommande
kundar ein særdeles god sommar!
Informasjon om prosjekta
Det vil utover hausten bli lagt ut meir informasjon om prosjektet på vår
heimeside, lokale facebook sider, samt gjennomført informasjonsmøter
(avhengig av covid-19 restriksjonar).
For meir informasjon om prosjektet kan du kontakte vårt kundesenter på
telefon 53475640, ope frå kl. 07:30 — 15:00 kvardagar.
E‑post: post@kband.no
Vi oppmodar folk som har spørsmål til oss om å ta kontakt, samt følgje
med på heimesida vår for oppdatert informasjon.
For meir informasjon om prosjektet kan du kontakte:
Kontaktperson: Svein Atle Nipen
Stilling: teknisk leiar
Telefon: 90897879
E‑post: svein@kband.no
Kontaktperson: Gunnhild Nilsen Hillestad
Stilling: dagleg leiar
Telefon: 40455380
E‑post: gunnhild@kband.no