GLEDE PÅ ØLVESTVEIT
Eg tok ein liten prat med Stein Olav Ølvestveit for å bringa nyhende om oppstart på breibandsutbyggjinga. Ølvestveitbonden, Bondekompanisjefen og familiemannen var glad for å få denne meldinga. Han var heilt klar på at dette ville ha mykje å seie for dei.
Dei er 6 i husstanden som alle er nettbrukarar, så i dag må det planleggjast når nokon skal på nett, og det må stadig kjøpast nye datapakkar. Skal han lese nyhende må han stå tidleg opp skal det vere kapasitet til han. Skulearbeid og innleveringar frå dei unge går føre i køen.
Skulearbeid og innleveringar er krevjande når tilgangen til nett er begrensa og må delast på mange.
All datatrafikk går via mobilabonnement som er dyre med låg kapasitet. Fastlinjer er fråverande, det har heller ikkje vore tilbod over koparlinjer som det har vore dei fleste andre stader.
Stein Olav er bonde og dagleg leiar i Bondekompaniet og har mykje datarbeid som må gjerast heimante, kona har syverkstad i kjellaren, så det er ein aktiv familie med stort behov for stabilt nett med god kapasitet.
Det er heilt klart at breibandet vil ha mykje å sei for dagleglivet på den idylliske Ølvestveitgarden som ligg fritt og fint på Baugstranda. Med stabilt oppegåande nett med god kapsitet vil familien sleppa å venta på tur for å gjera skuleabeid og arbeidsoppgåver.
Far kan lese nyhende når han vil, og ikkje minst opnar det seg ei heil verd av muligheter innan underhaldning og nyttebruk som dei i dag ikkje har tilgang til. Me hadde ein god samtale Ølvestveitbonden og eg. Det er kjekt for oss som utbyggjar å endeleg få kome i gang med ei så etterlengta utbyggjing. Og endå kjekkare for dei som bur her som endeleg kan få dei same mulighetane som er ein sjølvfylgje for dei fleste i dag.
Baugstranda, no kjem vi!