Tysdag 25.05 og 01.06 skal ytterlegare to nodar (=teknisk hytte) oppgraderast med ny teknologi.
Alt av teknisk utstyr blir oppgradert til nyaste sort, og vi vil som resultat av dette kunne tilby (dei som ynskjer det) nettfart med enorme kapasitetar.
Vi førebur oss på framtida og “riggar” nettet med nytt teknisk utstyr for å ivareta god kvalitet i fibernettet. Etter oppgraderinga kan vi tilby kundane 1000 mbps (1 Gig). Utstyret blir også oppgradert med batteribackup (48v) for å ivareta lengst mogleg oppetid og driftstryggleik i fiberleveransen.
Åkra 25.05
Arbeidet startar opp kl. 07:30 og er venta ferdigstilt ca. kl. 15:00.
Innanfor dette tidsrommet vil alle våre kundar i dette området bli kobla over på ein heilt ny teknologi, og det må medreknast ei nedetid på 0,5 ‑1 time (innanfor tidsrommet kl. 07:30 — 15:00). Vi oppgraderar då ein kunde om gongen over på ny fibersnor, ny software på heimesentral og ny posisjon på nytt utstyr (switch).
Hugs å formidle denne informasjonen til dei som brukar nettet i din husstand.
Teigen (Husnes/Valen) 01.06
Arbeidet startar ca. kl. 07:00 og er venta ferdigstilt ca. kl. 15:00.
Våre kundar vil i heile dette tidsrommet vere utkobla.
Her skal alt utstyret skiftast ut samstudes og det blir full utkobling.
Med tanke på den lange utkoblinga (ca. 8 timar) er det også særs viktig at du informerer alle i husstanden din.
Mange jobbar på heimekontor og må tilpasse arbeidsdagen deretter.
Viktig info!
Det er særs viktig at utstyr levert av Kvinnherad Breiband (dvs din heimesentral) står påkobla straum denne dagen. Det blir sendt elektronisk oppdatering i systemet i samband med oppgraderinga.
Utstyret vil ikkje fungere etter oppgraderinga dersom straumen er avslått.
For dei av kundane våre som har eige trådlaust utstyr (smart-tv, ruter, iPad, mobilar, pc-ar, play station, med meir) vil det (etter oppdateringa) vere naudsynt med omstart.
Utstyret får då utdelt ny IP adresse, og blir då ein del av vårt nye fibernett.
Aksesspunkt (eige trådlaust utstyr)
Dersom du har heimesentral av type allied telesys vil det (for dei fleste) ikkje vere mogleg å bruke eige aksesspunkt som trådlaust nett (wifi).
Når du har aksesspunkt og har over 2 enhetar kobla til (feks. telefon, datamaskin, smart-tv, iPad, osv.) vil berre 2 av desse få IP.
I utgangspunktet brukar alle kundar berre 1 Public IP som heimesentralen mottek. Denne deler deretter ut eit lokalt nett som blir fordelt ut via Public IP for å kome seg vidare ut på internett. Denne “funksjonaliteten” fungerar ikkje med eit aksesspunkt, diverre. Dei aller fleste har langt fleire duppedittar dei ynskjer å ha på nett, men med aksesspunkt stoppar dette med ein enhet (øvrige kjem då ikkje på internett).
Dersom du har aksesspunkt vil vi anbefale deg å ta kontakt med lokal leverandør av elektronisk utstyr (Power og Elkjøp for å nemne nokre) og oppgradere til ein ruter.
Hugseliste til deg som vår kunde
1. Gi beskjed til alle i husstanden (viktig for god planlegging!)
2. La straumen stå på din fiber heimesentral (slik at vi kan sende oppdateringar)
3. Ta omstart av eige utstyr etter oppgraderinga (ny IP blir utlevert)
Vi tar forbehold om at det kan oppstå uforutsette hendingar som gjer at arbeidet kan ta lengre tid enn planlagt.
Har du spørsmål så kan du ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 53475640 (ope frå 07:30 — 15:00 kvardagar).
Det blir sendt sms til alle kundane etter omkoblinga.
TVI TVI.