Til lands og til vanns.…

Tys­dag 19. jan­u­ar heiv vi oss rundt og la fiberk­a­bel på langs av heile Opsangers­vat­net, over 3,5 kilo­me­ter. Kabe­len vart lagt oppå isen, som viste seg å vere 20 cm tjukk stort sett over heile lin­ja.
Arbei­det vart gjen­nom­ført med god maskinkraft frå BKK og rein muskelkraft frå mon­tørane i Kvinnher­ad Breiband.
Isen var på dette tid­spunk­tet glatt og smidig.
Vi såg for oss rask smelt­ing, slik vi er vane med her på Vest­landet.
Der tok vi skam­me­leg feil.…
Isen hadde bestemt seg for å bli til glede for liten og stor, og litt bekym­ring for oss.
Etter isleg­gin­ga kom det kraftig kastevind og kabe­len måtte sikrast på fleire land­sider. Etter vin­dråsene kom kulden og nyde­leg vin­ter­vær.
Isen var plut­se­leg full i vin­ter­glade kvinnheringar på skøyter, spark, ski og bilar. Kven skulle tru? Det er mange år sidan sist vi hadde eit slikt vin­tereven­tyr.
Til tross for den enorme aktiviteten på isen har folk vist omsyn til kabe­len som duk­ka opp både her og der. Tusen takk <3.
Nesten to månad­er seinare var all isen vekke og vi kunne fort­set­je på pros­jek­tet og få kabe­len i rett posisjon.
Opp­draget vart fer­dig utført ons­dag 17. mars, hur­ra!
No står det att å grave litt på Opsanger­si­da og Cirkle K sida, slik at kabe­len kan koblast i saman med allereie eksis­terande stam­net.
Om eit års tid skal kabe­len “enda” i 1. etas­je til Seniors­en­teret. Dette blir dei nye lokala til Kvinnher­ad Breiband.
Her skal vi byg­g­ja opp stor sen­trum­snode og datasen­ter for Kvinnher­ad Breiband.
Vi har med andre ord masse spanande arbeid å sjå fram til i månadene som kjem. 

Arbei­d­slaget frå 19. januar.
May be an image of 1 person, vehicle and outerwear
Håkon Røst­bø, pros­jek­tleiar Kvinnher­ad Breiband.
May be an image of 1 person, standing and outerwear
To sterke karar (Gun­nar Vaage (t.v) og Bengt Opsanger med sparken på slep etter ein fysisk tung dag på jobb. 
Vin­teridyll og ein kabel som speglar seg i sola både her og der langs heile Opsangersvatnet. 
May be an image of snow and nature
Idyl­liske forhold med nys­nø og solskin.
4Fram med gam­le skøyter til leik på isen, her var laga skøyte­ba­nar til glede for alle! 
Isen slapp taket og kabe­len skal i rett posisjon, endeleg:) 
To pos­i­tive karar i full aksjon — Jan Andrè Revheim (t.v) og Chris­t­ian Haugen. 
Båten frå Kvinnher­ad Roklubb hjalp oss med jobben, takk for lånet!