Trådlaust nett er blitt ein del av kvardagen vår, vi får fleire og fleire dingsar som skal knytast til internett. Ikkje berre datamaskiner, mobiltelefonar og nettbrett. Spelemaskiner, lydanlegg, varmepumper, skrivarar, panelovnar, støvsugarar, alarmanlegg, kamera og mykje meir må ha nettforbindelse for å fungere.
Dette set større og større krav til ditt trådlause nett. Har du fiber kan du likevel oppleve at nettet er tregt eller dårleg på enkelte rom. Det er kkje nødvendigvis fiberlinja det er noko gale med. Problemet kan vere at WiFi-signalet ikkje når godt nok fram i heile huset.
Med KB Trådlaust hjelper vi deg med å få god og stabil WiFi-dekning der du brukar nettet.

Kva er forskjellen på fiber og WiFi?
Det er lett å blande fiber og WiFi, men det er to forskjellige ting.
Fiber er internettet som kjem inn i huset ditt.
Fiberkabelen gir deg internettilgangen og hastigheita du abonnerer på.
WiFi spreier internettet trådlaust rundt i huset.
Det er WiFi som gjer at mobilen, TV-en, nettbrettet og PC-en kan bruke internett utan å vere kopla til med kabel.
Enkelt forklart:
Fiber får internettet inn i huset.
WiFi får internettet vidare rundt i huset.
Du kan derfor ha ei rask og god fiberlinje, men likevel oppleve dårleg nett på enkelte rom dersom WiFi-signalet er svakt der.
Kvifor er WiFi-en god nok på kjøkkenet, men dårleg på soverommet?
WiFi-signalet blir svakare jo lenger det skal nå.
Veggar, golv, fleire etasjar og ulike byggjemateriale kan også dempe signalet. Derfor kan du ha svært godt WiFi i eitt rom, men mykje dårlegare dekning ein annan stad i huset.
Dette kan du til dømes merke ved at:
- TV-en stoppar opp eller mistar nettet
- mobilen har dårleg WiFi på enkelte rom
- nettet er tregt i ein annan etasje
- videosamtalar hakkar
- du må flytte deg rundt i huset for å få betre dekning
Då kan KB Trådlaust tenesta vere løysinga.

Kva er KB Trådlaust?
KB Trådlaust er WiFi-tenesta du leiger av oss.
Som ein del av tenesta får du ein eller fleire WiFi-sendarar av typen Eero. Desse blir plasserte rundt i bustaden for å gi betre WiFi-dekning.
Eero er ein svært god WiFi-sendar, utvikla for å gi raskt, stabilt og påliteleg WiFi i heimen.
Har du fleire Eero-sendarar, samarbeider dei med kvarandre og gir deg eitt samanhengande WiFi-nett i huset. På fagspråket kallar ein dette ein mesh-nettverk.
Du treng ikkje tenkje på kva sendar mobilen eller nettbrettet skal bruke – det skjer automatisk når du beveger deg frå rom til rom.
Målet er enkelt: God WiFi der du faktisk brukar nettet.
Kor mange KB Trådlaust treng du?
Kor mange WiFi-sendarar du treng, kjem an på storleiken og utforminga på bustaden.
1 stk. KB Trådlaust – kr 49 per månad
Rekkevidde ca. 140 m²
2 stk. KB Trådlaust – kr 99 per månad
Rekkevidde ca. 280 m²
3 stk. KB Trådlaust – kr 149 per månad
Rekkevidde ca. 420 m²
4 stk. KB Trådlaust – kr 199 per månad
Passar for store hus eller hus med meir kompleks utforming
*Arealet er omtrentleg. Veggar, etasjar, byggjemateriale og utforminga på huset påverkar kor langt WiFi-signalet når.
Enkel og brukarvenleg app
Med Eero-appen får du full oversikt over WiFi-nettet ditt på ein enkel måte.
Appen er laga for å vere brukarvenleg, også for deg som ikkje er spesielt teknisk. Dersom du set opp KB Trådlaust sjølv, blir du guida steg for steg gjennom oppsettet.
Appen hjelper deg også med å finne ei god plassering for WiFi-sendarane. Dersom ein sendar står for langt unna, har dårleg kontakt eller det oppstår andre problem, får du beskjed om dette i appen.
I appen kan du mellom anna:
- velje namn på WiFi-nettet ditt
- lage eller endre WiFi-passord
- sjå kva apparat som er kopla til nettet
- få hjelp til å plassere Eero-sendarane riktig
- få beskjed dersom noko ikkje fungerer som det skal
- opprette eit eige gjestenett for besøkande
- aktivere foreldrekontroll
- kjøre fartsmålingar på nettet
- få oversikt over WiFi-nettet i heimen
Du treng altså ikkje vere dataekspert for å setje opp eller bruke KB Trådlaust. Appen hjelper deg undervegs.
Eero-appen er enkel å finne på Google Play og App Store

Oppsett og etablering
Vil du setje opp KB Trådlaust sjølv, kan du hente utstyret på kundesenteret vårt på Husnes.
Hentar og set du opp sjølv, er etableringa gratis.
Ønskjer du at ein montør frå oss kjem heim og set opp løysinga for deg, kostar dette kr 990.
Ved nyinstallasjon av fiber set vi opp Eero kostnadsfritt når montøren likevel er på plass.
Serviceavtale inkludert
Når du leiger KB Trådlaust av oss, får du meir enn berre sjølve WiFi-sendarane.
Serviceavtale er inkludert i månadsprisen.
Det betyr at du har éin stad å ta kontakt dersom noko ikkje fungerer. Vi har ansvar for heile leveransen – både fiberlinja og WiFi-løysinga – slik at du slepp å finne ut sjølv kvar problemet ligg.
Vi hjelper deg heilt til endes dersom det oppstår problem.
Skulle ein Eero-sendar bli defekt, tek du kontakt med oss. Du har garanti gjennom oss, og vi hjelper deg vidare utan at du må kontakte produsenten sjølv.
Kort sagt: Vi leverer heile løysinga, og vi er her også etter at utstyret er sett opp.
Er du usikker på kor mange du treng?
Det treng du ikkje finne ut av sjølv.
Fortel oss litt om huset ditt og kvar du opplever dårleg WiFi, så hjelper vi deg med å finne ei løysing som passar.
Vi kan også hjelpe med plassering og oppsett, slik at WiFi-sendarane står der dei gir best mogleg dekning.
Lurer du på noko meir så ta gjerne kontakt med oss, er du klar for bestilling kan du gå inn her.