Driftsmeldingar — varsling på sms eller e‑post?

Mange kun­dar ynskjer å abon­nere på infor­masjon om kva som skjer og kva tid vi job­bar i net­tet, enten det er på teknisk utstyr eller fysisk på kablar. Både plan­lagt arbeid og uforut­sette hendin­gar.

Alt av plan­lagt arbeid blir ofte lagt ut nokre dagar før arbei­det skal starte opp med push varsel ut 60 min­utt før opp­start. Mest mog­leg arbeid blir utført i vårt ser­vicevin­du mel­lom kl. 00:01 — 07:00 natt til tys­dag. Dette er vårt primære ser­vicevin­du som vi nyt­tar når vi har behov.
Anna arbeid kan vere rel­a­tivt uforut­sett eller vur­dert som kri­tisk, og får då pri­or­itet før ser­vicevin­du, der­som vi mein­er det er naudsynt.

Ei varsling direk­te på sms eller e‑post kan enkelt ord­nast ved at du sjølv går inn på sida for driftsmeldin­gar.

Illus­tr­ert:

Trykk på “sub­scribe to updates” knappen:

Velg om du vil ha sms eller e‑post varsel:

E‑post:

SMS:

Ved større arbeid i fiber­net­tet og på teknisk utstyr job­bar vi mest mog­leg på nat­ta, for å skåne kun­dane best mog­leg, der det er mog­leg.
I eit levande nett skjer det også feil, då legg vi ut driftsmeldin­gar så snart feilen er avdek­ka.

Det er fleire fak­torar som er vik­tige i arbeid på kri­tisk infra­struk­tur, ver, vind, lysforhold, risiko for utfall, og lik­nande.

Vi job­bar heile tida for å bli betre. Alle nodane (=tekniske hyt­ter der kun­dane våre er kobla opp) våre er sikra med bat­teri back­up, for å halde straum på utstyr ved straum­brot eller “blink” i net­tet. Oppeti­da er ca. 10–18 timar på reser­ves­traum.
Det er alar­mar på alle kri­tiske sam­band og varsling direk­te til teknisk avdeling/vakthavande på større utfall.

Vak­t­tele­fo­nen er open kvarda­gar frå kl. 15 — 21, helg og heilagda­gar frå kl. 10 — 18.
For kun­dar med eigen SLA (ser­vice lev­el agree­ment) er til­gang til vak­tha­vande utvi­da, avhengig av nivå.

Vi har også døgn­vakt som pas­sar på net­tet slik at vi kan ha best mog­leg lev­er­ing av breiband­sten­ester og fange opp feil så raskt som mog­leg der­som det skjer hendin­gar i fiber­net­tet.

Du når oss på kun­de­sen­teret alle kvarda­gar mel­lom kl. 8–15.