Forhandlingsbrot Telia og TV 2

Telia må frå og med 1. mars 2025 fjerne TV 2 sine kanalar og strøymeten­ester frå Telia Play, då dei ikkje har klart å kome til sem­je med TV 2 om ein ny TV-avtale. 

TV 2 sine kanalar og strøymeten­ester er no fjer­na frå Telia Play inntil par­tane blir einige.

Som tv-kunde har allereie fått 50 ekstra Tv-poeng som er tilgjen­ge­leg i val­menyen. Desse poen­ga kan nyt­tast til å velge blant eit stort utval av TV-kanalar og strøymeten­ester.

Alter­na­tivt kan du velge 109 kro­ner i månad­sra­batt, som tilsvar­er måned­sprisen på et TV 2 Play Basis-abonnement.

Ynskjer du månad­sra­batt i staden for 50 ekstra poeng, må du sende oss ein e‑post til: post@kband.no.

Desse kanalane og strøymeten­es­tane er no util­gjen­gelege:

Faste TV-kanalar
: TV 2 Direk­te, TV 2 Zebra, TV 2 Livsstil og TV 2 Nyheter
TV-kanalar som kan vel­gast inn: TV 2 Sport 1 og TV 2 Sport 2
TV-kanalar i til­leg­gspakkar: TV 2 Sport Pre­mi­um, TV 2 Sport Pre­mi­um 2, Hits, Stars og SF-kanalen
Strøymeten­ester: TV 2 Play (med og uten reklame) og Nordisk Film+

Telia sitt mål er fram­leis å sikre ei avtale med TV 2 som gjev kun­dane val­fridom og til­gang til det innhaldet dei ønsker å sjå, på vilkår som er ret­tfer­di­ge for begge par­tar.

PS: Du kan fram­leis sjå innhald frå TV 2, men det krev at du oppret­tar eit eige abon­nement på strøymeten­es­ta TV 2 Play. Dette kan du gjere her.

For opp­datert infor­masjon om forhan­dlin­gane, kan du følge med på denne artikke­len i tida framover.

Vi bekla­gar situ­asjo­nen og håpar på ei snar­leg løysing.