Det er framleis kundar som har og brukar fasttelefoni.
Vi har to variantar i dag:
Telefoni Lokal (gratis å ringe til alle med fasttelefoni i Kvinnherad ) og Telefoni Nasjonal. (gratis å ringe til alle med fasttelefoni i Noreg).
Dei nye prisane er faste uavhengig av bruk. Ved stort forbruk (over kr 100 til andre mobiltenester) vil det kome tilleggsfaktura.
Prisane blir frå 01.01.25 endra til:
Telefoni Lokal: kr 139 pr månad (tidlegare 69 kr)
Telefoni Nasjonal: kr 249 pr månad (tidlegare 199 kr)
Merknad:
Prisen er forbeholdt bruk inntil kr 100 pr månad.
Mange har fasttelefon grunna tryggleik og likar godt den stabile og gode lydkvaliteten.
Det er framleis områder i Noreg med dårleg mobildekning, i tillegg til at det er enkelt å bruke.
Fasttelefoni er ikkje eit satsingsprodukt for Kvinnherad Breiband, og vil bli fasa ut i løpet av dei neste 5 åra.
Oppdatert prisliste finn du her.
For kundar som vil seie opp fasttelefonen sin ber vi om skriftleg tilbakemelding til post@kband.no. Fasttelefoni kan seiast opp fortløpande (inga oppseiingstid).
Takk for at du er kunde hos oss.