Avvikling av eldre Telia TV-boksar/Get-boksar

Utgåande mod­ell jan­u­ar 2025.

Telia varslar at eldre TV-bok­sar skal bli fasa ut.

Desse TV-bok­sane har utgått pro­gram­vare som gjer at dei ikkje kan ta imot opp­da­teringar og vil slutte å fungera frå 31. jan­u­ar 2025. Der­som du ynskjer å erstat­ta TV-bok­sen, kan du fylle ut skje­maet under.

Me håpar på snar­leg tilbakemeld­ing for å sikra utrulling av nye bok­sar i god tid før utgan­gen av desem­ber. Apple TV, Telia Box og appen vil fungera som før.

Prisen er kr 499,- for etab­ler­ing og kr 49,- i leige per månad. Prisane gjeld per boks.

Mange av våre tv-kun­dar har i dag tv-bok­sar dei har kjøpt for ca. 10 år sidan. Myk­je tek­nol­o­gisk utvikling har skjedd dei siste 10 åra, og det er no mange alter­na­tive løysin­gar.

Kun­dane våre kan no vel­je å bruke APPLE TV eller TeliaPlay appen direk­te på sin smart tv (om tv-en støt­tar dette og er rel­a­tivt ny). Viss ikkje har vi fram­leis bok­sar som kan leigast, både Telia Box eller APPLE TV (om du heller vi ha det). Pris per boks er kr 49 pr månad.

Der­som du er ivrig etter å byte ut bok­sane dine, og ser på biletet over at du har ein lik kan du allereie no fylle ut linken her.

Den nyaste Telia Box-en ser slik ut:



Ny mod­ell for bruk av Telia abon­nement.

Fyll ut skje­ma så kjem vi tilbake med infor­masjon om hent­ing av utstyr.

På føre­hand takk.

Hels­ing Kvinnher­ad Breiband AS