Opp kraftledningstjenester AS jobbar i desse dagar med oppgradering av fibernett kabel på BKK AS sine høpspentlinjer på oppdrag for Kvinnherad Breiband AS.
Oppgraderinga skjer i områda:
Austrepollen — Sundal
Uskedalen Trafostasjon — Langåt Husnes
Oppgraderinga blir utført grunna behov for utvida kapasitet på stamfiber, og er ein del av ei større investering som Kvinnherad Breiband AS jobbar med, i samarbeid med OPP Kraftledningstjenester AS.
Arbeidet vil pågå i ein periode fram til årsskifte 24/25.
Prosjektleiar fiber og vår kontaktperson hjå Kvinnherad Breiband AS er Edmund Tofte.
Har du spørsmål kan du ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 53475640, ope kvardagar frå kl. 8–15.
Foto: henta på heimesida til Opp Kraftledningstjenester AS (ikkje bilete frå Kvinnherad).