Vi har skifta fakturasystem i mai 2024.
I samband med dette er det ein del kundar som har fått sletta gammal avtalegiro som gjekk mot tidlegare kontonummer.
Det er sendt ut sms varsel til alle kundar med avtalegiro, både i mai og med oppfølging i juni.
Dersom du ikkje har motteke sms bør du ta ein sjekk om vi har registrert rett mobilnummer.
I ein travel kvardag er det forståeleg at mange ikkje har fått med seg dette, og difor diverre kan ha motteke purring i frå oss.
Purring blir 14 dagar etter opprinneleg forfallsdato, og deretter inkassovarsel (30 dagar etter forfallsdato).
Dersom du ynskjer avtalegiro kan du enkelt opprette dette igjen via nettbanken din.
Dette må oprettast på nytt då det går mot nytt kontonummer.
Du etablerer det ved bruk av KID og kontonummer som du finn på fakturaen din.
Dersom du har aktivert for efaktura vil betalingskravet fungere saumlaust også i nytt system.
Merk! Det er kun ved aktivering av ny avtalegiro du må foreta deg noko aktivt.
Har du spørsmål så ta gjerne kontakt med vårt kundesenter på telefon 53475640, eller send oss ein e‑post til post@kband.no.
Vi svarer så raskt vi kan, men det kan ta litt lengre tid enn normalt grunna ferieavvikling og stor pågang i samband med overgang til nytt økonomisystem.
Vi er her for å hjelpa, så ikkje nøl med å ta kontakt med oss.
Våre opningstider er alle kvardagar frå kl. 8 — 15.