Det er mange som ringer oss om den nye menyen på Teliaboksen, og kva som er nytt.
Dersom du berre vil sjå TV kan du trykkje på knappen «Direkte» (mellom opp og ned-pila, til høgre for den kvite Netflix-knappen). Eller du kan trykke tal tasten på den kanalen du vil sjå (1 for NRK1 osb.)
Dersom du vil sjå litt av kva du no kan gjere har vi nokre tips:
Trykk på huset på fjernkontrollen.
Trykk pil venstre (på rundingen som har pil opp, ned, høgre venstre)
Gå ned til «Min konto» og trykk ok
Du får her «systeminstillinger» nederst
Trykk ok på nettverk
Dersom wifi er aktivert er det blått, og rundingen til høgre
Trykk ok så det blir grått og rundingen til venstre
(wifi treng ikkje vere påslått dersom dekoder er tilkopla med kabel)
Trykk direkteknappen (til høgre for den kvite Netflixknappen)
Då kjem du til TV.
Nedsatt hørsel?
Dersom du ynskjer tekst for høyrslehemma kan du sette det på her, så får du det på alle sendingar som har dette tilbodet.
Trykk på huset på fjernkontrollen.
Trykk pil venstre (på rundingen som har pil opp, ned, høgre venstre)
Gå ned til «Min konto» og trykk ok
Gå ned til instillinger
Her han du velge tekstalternativ, nederst kan du slå på tekst for hørselshemmede.
Du kan og slå på tekst for kvar kanal manuelt, men her får du det permanent for alle kanalar som tilbyr dette.
Når du er her får du og valget lokalkanaler, der kan du velge kva distrikssending du ynskjer frå NRK.
STRØYMETENESTER OG KANALVAL.
På dekoderen kan du og endre utvalet av strøymetenester og enkeltkanalar innanfor 50 poeng, eller 110 poeng. Det er større utval enn nokon gong, og fleire tar kontakt med oss for å auke til 110 poeng (150 kr. Ekstra i månaden). Send oss ei melding på post@kband.no om du ynskjer dette.
Kanalvelgjar på mi side.
“Mi side” er ny frå mai 2024, og er no enklare å bruke. Du kan og gjere endringar på kanalpakken din her.
Gå til framsida på kband.no
Trykk på «Meny»
Trykk på «Mi side»
Trykk på «Registrer ny bruker»
Der står det: Oppgi epostadressen eller mobilnummeret du er registrert med hos oss nedenfor, så får du tilsendt passord hit. Bruk så dette passordet til å logge inn.
Her må du bruke MOBILNUMMERET som er registrert på abonnementet i ruta der det står «Brukernavn»
Trykk «registrer deg»
Du får no tilsendt passord på SMS og kjem til «logg inn»
Skriv inn passordet du fekk. Trykk gjerne «Husk meg»
Trykk på «Jeg godkjenner»
(ja, det er bokmål, vi skal omsetje til nynorsk etterkvart)
Her ser du oversikt over abonnementet ditt. Fakturakopiar på PDF vil komme etterkvart.
Du kan og endre passordet ditt her.
Du vil og komme inn på «Rediger Telia-produkter». Her kan du endre kanalutvalet ditt og strøymepakkar.
Du kan og endre kanalutval og strøymetenester direkte via din telia play dekoder.
Oversikt over kanalar og kanalpakkar med poeng finn du her: https://kband.no/tv/
Slå av wifi på Telia dekoder:
Trykk på «huset» på fjernkontrollen:
Pil venstre så får du menyen på venstre side
Pil ned til innstillinger (ser du ikkje instillinger gå til kundekonto, så ligg innstillinger der)
Trykk ok på nettverk
Dersom wifi er aktivert er det blått, og rundingen til høgre
Trykk ok så det blir grått og rundingen til venstre
(wifi treng ikkje vere påslått dersom dekoder er tilkopla med kabel)
Trykk direkteknappen (til høgre for den kvite Netflixknappen)
For endringar, send oss ein epost til post@kband.no eller ring oss på 53475640.
Vårt kundesenter er ope alle kvardagar frå kl. 8 — 15.