Vi har fire hovudmål med sponsorverksemda:
- Merkevarebygging og synlegheit i lokalmiljøet
- Forbedre kundelojalitet
- Samfunnsansvar
- Engasjement, stoltheit og motivasjon for tilsette
Vi ynskjer langsiktigheit i dei sponsorengasjementa vi er med på.
Dette for å få best effekt av dei investeringane som blir lagt ned i tid og pengar.
I hovudsak går vår støtte til:
- Lag og foreiningar, med fokus på barn og ungdom
- Små og store LAN
- Bidrag innan teknologi som gir lokal merkevarebygging
- Festivalar
Kvinnherad Breiband sponsar ikkje:
- Klubbar, foreiningar og arrangement utanfor nedslagsfeltet vårt
- Enkeltpersonar eller private føremål
- Politiske eller religiøse føremål
- Snevre prosjekt som kun er av interesse for enkeltgrupper/bygder
- Reiseverksemd
Slik kan du søke om sponsorstøtte frå Kvinnherad Breiband
Skriv ein søknad til oss som inneheld informasjon om:
- Kva organisasjonen driv med og kontaktinformasjon
- Kva beløp de søker om
- Korleis de vil nytte den støtta de søker om frå oss
- Korleis ein ser for seg at eit samarbeid med oss skal vere
- Kva for betydning samarbeidet vil ha for organisasjonen og oss
- Framtidige mål for organisasjonen
- SOME plan som inkluderer oss som sponsor
Fiber til forening eller klubb?
Visste du at vi tilbyr fiber organisasjon til kr 300 pr månad, og fri etablering i heile 2024?
Dette rimelege abonnementet er vårt løpande sponsorbidrag til frivilligheita. Vi set pris på om du har logoen vår på heimesida om mogleg.
Forespørsel om sponsing kan sendast til post@kband.no - oppgi namn kontaktperson, telefonnr, organisasjonsnr og e-postadresse.
Alle søknadar med eventuelle vedlegg skal sendast
elektronisk til e-post: post@kband.no
Søknadsfrist 30. april
(merk at vi behandlar søknadar ein gong pr. år).
Spørsmål?
Kontakt Gunnhild Nilsen Hillestad på telefon +47 404 55 380.