Vår forplikting til miljøet
Som leiande leverandør for internettbaserte tenester over fiber i Kvinnherad Kommune ynskjer vi, Kvinnherad Breiband AS, å framleggja vår forplikting til å jobba berekraftig i denne policyen.
Vi forpliktar oss til å jobbe for å beskytte miljøet og minimere vårt klimaavtrykk i så stor grad som mogleg. Skal samfunnet kome i mål med satsing på klimatiltak er det viktig at vi alle bidreg der vi kan.
Dei tilsette og Kvinnherad Breiband som selskap ynskjer å vere ein positiv bidragsytar med dette arbeidet.
Miljøengasjement skal stå sentralt i vår forretningsfilosofi og vi vil kontinuerleg jobbe med forbetring på områda klima, miljø og arbeidsmiljø.
Dette skal vi gjere gjennom å setja gode mål kortsiktig og langsiktig og fylgja opp desse måla med relevante tiltak og gode rutinar for innsamling av data.
Våre miljømål
Energibesparing: Vi vil redusere energiforbruket vårt ved å bruke energieffektive teknologiar og ved å kontinuerleg overvake og halde oppsyn med vårt energiforbruk/energisystem.
Dette inkluderer bruk av fornybar energi der det er mogleg.
Avfallshåndtering: Vi vil håndtere vårt avfall på ein god måte gjennom kildesortering, resirkulering og avfallsreduksjonsprogram.
Vi oppmodar også våre tilsette og kundar via vår heimeside (kband.no) i å delta med fokus på dette.
Reduksjon av klimagassutslepp: Vi vil minimere utsleppa av klimagassar forbunde med vår virksomheit ved å redusere behovet for reise, fremme virtuelle møter og bruke miljøvennlige transportalternativer når det er mogleg.
Miljøvennleg teknologi: Vi vil prioritera bruk av miljøvenlege teknologiar og utstyr i våre installasjoner og nettverk for å redusere vårt økologiske fotavtrykk.
Berekraftig forretningspraksis: Vi vil støtte berekraftig forretningspraksis ved å samarbeide med leverandørar og partnarar som deler vårt miljøengasjement.
Godt arbeidsmiljø: Vi skal jobbe for et sikkert og helsebringande arbeidsmiljø for alle tilsette både i samanheng med fysisk og psykisk helse.
Kundetilfredshet og miljøansvar
Vi forstår at kundetilfredsheit og miljøansvar går hand i hand. Forbrukarar i dag ynskjer i stadig større grad å bruke si forbrukermakt til å støtte bedrifter som tar berekraft på alvor.
Vi vil kontinuerleg evaluere og forbedre våre tenester for å sikre at dei er både miljøvennlige og kundeorienterte.
Samsvar og kommunikasjon
Kvinnherad Breiband AS forpliktar seg til å overhalde alle gjeldande miljølover
og reglar. Vi vil også oppmuntre til open kommunikasjon med våre tilsette, kundar, partnarar og samfunnet om vår miljøsatsing og våre mål.
Gjennom vårt felles engasjement for miljøet trur vi det er mogleg å oppnå berekraftig vekst og bidra til ein positiv innverknad på kloden vår.
Vi oppmodar alle våre tilsette til å ta del i denne forpliktinga og jobbe saman for å oppnå våre og felles miljømål. Denne miljøpolicyen vil bli gjennomgått og oppdatert jamleg, for å sikre at vi held oss i tråd med beste praksis og kontinuerleg forbetrar vår miljøyting.