Vilkår bedriftsabonnement

Standardkontrakt og leveringsvilkår for bedrift.

Stan­dard­kon­trakt og lev­er­ingsvilkår for bedrifter

1. Generelt

Desse vilkåra reg­ulerer avtal­en om abon­nement på ten­ester mel­lom Kvinnher­ad Breiband AS (KB) og abon­nen­ten (Kun­den). Ten­estene omfat­tar dei som kan leverast via eller i tilknyt­ing til KB sitt breiband­snett, og er spe­si­fis­ert i den indi­vidu­elle avtalen.

Bedrifter reg­istr­ert i Brøn­nøy­sun­dreg­is­teret kan i utgangspunk­tet teik­na bedriftsabon­nement hos KB. Abon­nementet gjeld for verk­semd innan­for KB sitt net­tom­råde, òg om Kun­den er eit aksje­sel­skap eller annan juridisk per­son med verk­semd i fleire geografiske område.

For­ret­ningsover­drag­ing skal mel­dast til KB og inn­førast i kon­trak­ten. Det same gjeld ved over­gang mel­lom aksje­sel­skap og per­son­leg fir­ma. Der­som Kun­den er eit aksje­sel­skap, rek­nast det som ei for­ret­ningsover­drag­ing der­som majoriteten av aksjekap­i­tal­en vert over­dratt sam­tidig som den daglege lei­in­ga overgår til kjø­par eller nær slekt.

KB kan gjen­nom­føra kred­ittvur­der­ing av nye abon­nen­tar og har rett til å avs­lå lever­anse utan å oppg­je nærare grun­ng­jev­ing, inklud­ert ved forretningsoverdraging.

Tilknyt­ing til ten­es­ta vert lev­ert der­som det er teknisk mog­leg og økonomisk forsvar­leg. Om det av tekniske eller økonomiske grun­nar ikkje er mog­leg å levera ten­es­ta, betaler ikkje Kun­den noko for etab­ler­ings­forsøket, med min­dre anna er avtalt.

Der­som Kun­den fly­t­tar, vert abon­nementet sagt opp. Om KB kan levera ten­es­ta på den nye adres­sa, kan abon­nementet fly­t­tast mot gjel­dande fly­t­tege­byr. Etab­ler­ings­ge­byr vert ikkje refundert.

Par­tane har teiep­likt om kon­fi­den­sielle opplysningar, inklud­ert per­son­lege forhold, opplysningar som kan skade par­tane, eller infor­masjon som kan utnyt­tast av utan­forståande i næringsverk­semd. Par­tane plik­tar å sikra at infor­masjon ikkje vert delt i strid med avtal­en, og dette gjeld òg etter at avtal­en er sagt opp. Opplysningar kan likev­el utleverast med Kun­den sitt sam­tykke eller der­som KB er retts­leg for­p­lik­ta til det. I slike til­felle vil Kun­den bli informert.

Bedriftsabon­nement har ei bind­ingstid på minst 12 månad­er. Lenger bind­ingstid kan avta­last mot lågare månad­spris, til dømes ved leige av til­leg­gsut­styr eller utvi­da ten­ester. Kort­tidsabon­nement er unntatt bindingstid.

2. Pro­dukt

KB stiller til råd­velde dei pro­duk­ta som er spe­si­fis­ert i bestill­ingsskje­ma, kon­trakt eller ordrestad­fest­ing. Ein liten del av kap­a­siteten blir nyt­ta til kon­trol­linfor­masjon, noko som kan gjera at den reelle hastighei­ta vert noko lågare enn spesifikasjonen.

Lin­je­hastighei­ta vil vera inntil den bestilte klassen. Breiband­stil­gan­gen blir lev­ert med ein defin­ert hastigheit per sekund. KB kom­penser­er for eventuelle signal­tap etter evne. I peri­o­dar med stor belast­ning kan Kun­den oppl­e­va redusert kap­a­sitet. Der­som bestilt hastigheit­sklasse ikkje er mog­leg, vert høgaste moglege klasse rek­na som bestilt.

Hastighei­ta mot Inter­nett kan vari­era grun­na lokale forhold som KB ikkje rår over. Kor­rekt hastigheit kan berre målast med kabel i KB sitt net­ter­miner­ingspunkt (NTP) med alt anna utstyr fråkopla.

NTP er defin­ert som over­gan­gen mel­lom net­teigar sitt nett og Kun­den sitt interne nett. Det fysiske punk­tet kan vera plassert utan­for eller straks innan­for ytter­vegg (grun­n­mur­sprin­sip­pet). Intern kabling og eventuelle forde­larar, bry­tarar eller kon­tak­t­punkt inne i bygget er Kun­den sitt ansvar.

Der­som Kun­den ønskjer nye kablar eller kon­tak­tar, må han betale til­leg­gskost­nad­er etter KB sine prisar.

Kun­den skal nyt­ta utstyret som KB plasser­er hos han. Kun­den plik­tar å gje KB til­gang til utstyr som inngår i net­tet og som tilhøyr­er KB eller net­teigar. Kun­den er ans­var­leg for utstyr som er oppgitt som hans eige­dom, òg om det er fram­skaf­fa og betalt av KB. Tildelte brukar­namn og pas­sord skal opp­be­varast forsvarleg.

Feil på bedriftsabon­nement vert behand­la i KB si opn­ingstid, og feil kan mel­dast til vak­t­tele­fo­nen utanom opn­ingsti­da. Kri­tiske feil kan ret­tast døgnet rundt der­som Kun­den har utvi­da ser­viceav­tale (SLA gull). For kun­der utan SLA, vil feil bli reg­istr­ert for vidare hand­sam­ing neste verkedag.

3. Oppetid og brukarstøtte

KB tilbyr teknisk brukarstøtte til oppg­jevne tider. Feil i net­tet skal utbe­trast innan rime­leg tid utan kost­nad for Kun­den, med min­dre feilen skul­dast forhold hjå Kun­den eller andre utan­for KB sin kontroll.

Ved nød­vendi­ge drift­savbrot grun­na feil­ret­ting eller opp­graderingar, vil Kun­den bli varsla elek­tro­n­isk på føre­hand om mog­leg. Større opp­graderingar vert primært gjen­nom­ført natt til tys­dag mel­lom kl. 00:01 og 07:00.

Kun­den kan etter avtale få bis­tand med feil­søk­ing på eige utstyr, mot betal­ing etter gjel­dande satsar.

4. Erstat­ning

KB er ikkje ans­var­leg for tap som føl­gje av manglar, med min­dre tapet skul­dast grov aktløyse eller forsett. Som tap rek­nast til dømes drift­savbrot, tapt forten­este, avsavn, eller skade på tredjepartsutstyr.

KB sitt sam­la erstat­ningsans­var er avgren­sa til kr 5.000 per til­felle, med min­dre anna føl­gjer av grov aktløyse.

5. Ekstra­ordinære bruksrestriksjonar

Ved alvor­lege trugsmål mot helse, tryg­gleik eller miljø, krigs­lik­nande situ­asjonar, streik, sab­o­tas­je eller tekniske årsak­er, kan KB heilt eller delvis avbry­ta ten­es­ta utan ans­var for eventuelle tap. KB vil i slike til­felle varsla Kun­den om mogleg.

6. Opp­sei­ing og heving

Abon­nementet kan seiast opp med ein månads skrift­leg varsel, rek­na frå den 1. i påføl­g­jande månad.

KB refun­der­er ikkje inn­be­talt etab­ler­ings­ge­byr ved opp­sei­ing. Ved opp­sei­ing før utløp av bind­ingsti­da vert resterande del av bindin­ga fak­tur­ert. Der­som KB ikkje kan levera ten­es­ta, kan avtal­en seiast opp, og etab­ler­ings­ge­byr vert refundert.

7. Kun­den sitt ans­var og bruk av nettet

Kun­den kan ikkje vidare­formid­la ten­ester eller nett til utan­forståande. Det er ikkje tillete å dela abon­nement mel­lom fleire bedrifter, eller å bru­ka pri­vatabon­nement til næringsverk­semd utan særskilt avtale.

Kun­den har ans­var for tryg­gleik, og kan ikkje nyt­ta net­tet til:

  • ulov­leg innhald eller krenk­jande ytringar (t.d. barneporno, rasisme, ærekrenking)
  • masseut­send­ing av reklame, spam eller kjedebrev
  • drift av eigne ten­ester som P2P, FTP, web‑, proxy- eller DHCP-server­ar utan avtale
  • sprei­ing av virus eller forsøk på urettvis til­gang til system

KB kan utan føregåande varsel steng­ja ten­es­ta ved alvor­leg misbruk.

8. Endring av vilkår

KB kan endra vilkår og pris­ar med ein månads varsel. Endringar grun­na offentlege pålegg kan gjen­nom­førast utan varsel utover det som er lovpålagt.

9. Tvis­tar

Tvis­tar mel­lom Kun­den og KB skal løysast gjen­nom forhan­dlin­gar. Om dette ikkje lukkast, kan tvis­ten bringast inn for dei ordinære domstolane.

10. Per­son­vern

KB behand­lar per­son­op­plysningar i samsvar med gjel­dande lov­giv­ing. Sjå per­son­vern­erk­læringa for meir informasjon.