Her er vår sjølvbetjeningsløysing for bestilling av kabelpåvisning.
Vi tar ikkje betalt for påvisning av kablar vi sjølv eig, for private.
Ved forespørsel av kabelpåvising av 3. part vil vi sende faktura for administrative kostnader, reisetid, og dokumentasjon.
Spør fyrst, grav sidan — alltid
Graving i bakken kan medføre større feil i fibernettet. Under planlegging av graving, skal det difor alltid avklarast om det ligg kablar i bakken. Kabelpåvisning må bestillast minimum 10 dagar før graving er planlagt.
For større påvisingar kan bestillar forvente lengre responstid, avhengig av størrelse på prosjektet.
Vi påviser så snart vi har ledig kapasitet.
Fyll ut bestillingsskjemaet under, og vent på tilbakemelding.
Start aldri graving før det er oppretta dialog og påvising er utført av oss som eigar av infrastrukturen.
NB! Våre tilbakemeldinger gjelder kun Kvinnherad Breiband sine kablar.
Vi har ikkje oversikt over kablar/infrastruktur frå andre.
Erstatning ved skade:
Den som skadar Kvinnherad Breiband sine anlegg, vil kunne bli holdt økonomisk ansvarleg. Vis varsemd og respekt, og ta kontakt om du er usikker.