📈 Prisjustering frå 01.08.2025
Vi ser framleis ein vedvarande prisvekst både nasjonalt og internasjonalt, noko som påverkar kostnadsnivået vårt. For å sikre god drift og tenestekvalitet også framover, vil vi difor justere prisane frå 01.08.2025.
Samanlikningar med andre aktørar viser at vi framleis vil vere konkurransedyktige på marknaden.
🧾 Sjå dine produkt på “Mi side“
På Mi side finn du oversikt over abonnementet ditt og kva tenester du har hos oss.
🌐 Internett-tenester
| Produkt | Gammal pris / mnd | Ny pris frå 01.08.2025 |
|---|---|---|
| Fiber 100 | kr 649 | kr 699 |
| Fiber 200 | kr 699 | kr 749 |
| Fiber 500 (kampanje, 12 mnd binding frå aktivering) | kr 699 | kr 699 |
| Fiber 500 | kr 899 | kr 899 |
| Fiber 1 Gig | kr 999 | kr 999 |
| Fiber Fritid 50 – ikkje nysal | kr 449 | kr 499 |
| 🏡 Fiber Fritid 200 (heilårs) | kr 6 000 / år | kr 6 000 / år |
| Fiber organisasjon (frivilligheita) | kr 300 | kr 300 |
📺 Internett og TV – Telia
| Produkt | Gammal pris / mnd | Ny pris frå 01.08.2025 |
|---|---|---|
| Fiber 500 m/ TV Telia 50 poeng (inkl. 1 tv-boks) | kr 1 099 | kr 1 199 |
| Fiber 500 m/ TV Telia 110 poeng (inkl. 1 tv-boks) | kr 1 249 | kr 1 349 |
| Fiber 1 Gig m/ TV Telia 110 poeng (inkl. 1 tv-boks) | kr 1 549 | kr 1 549 |
| Leige av Telia-boks / Apple TV | kr 49 | kr 49 |
➕ Tilleggstenester
| Teneste | Gammal pris / mnd | Ny pris frå 01.08.2025 |
|---|---|---|
| 📧 E‑post @knett (pris frå 01.09.2025) | kr 0 | kr 39 |
| 🛡️ Fast IP | kr 25–79 | kr 79 |
| 📶 Leige av KB Trådlaust per eining | kr 49 | kr 49 |
Dersom du har bindingstid på abonnementet, vil den nye prisen først tre i kraft etter at bindingstida er over.
Du står fritt til å seie opp avtalen når som helst – kostnadsfritt etter at eventuell bindingstid er ute.
Om du ikkje har bindingstid, er oppseiingsfristen 1 månad – rekna frå den 1. i påfølgjande månad.
🏡 Vi håpar å halde fram som din lokale breibandsleverandør – med prisar og tenester du kan stole på.
Nysatsing: @knett e‑post
Vi satsar vidare med ein trygg, lokal og moderne e‑postteneste for framtida! 🌟

🚀 Kort oppsummert om tenesta:
• Ny kundeapp til hausten – nettlesar fungerer som før
• Forbetra brukargrensesnitt og oppleving
• Betre spamfilter og viruskontroll
• Lokal lagring – alt på vårt lokale datasenter i Kvinnherad
• Norsk personvern – ingen kommersiell databruk
• 20 GB lagring – tjue gonger meir plass
• Kr 39/mnd frå hausten 2025
• Kundestøtte via vår app og nettversjon
• Vidare satsing – ikkje avvikling
👉Les meir om satsinga her.
Driftsmeldingar — varsling på sms eller e‑post?
Mange kundar ynskjer å abonnere på informasjon om kva som skjer og kva tid vi jobbar i nettet, enten det er på teknisk utstyr eller fysisk på kablar. Både planlagt arbeid og uforutsette hendingar.
Les meir her for å vite korleis du aktiverer varsling om driftsmeldingar.
KB Trådlaust — WIFI
📶 KB Trådlaust – betre WIFI heime
Mange ønskjer no oppgradering av trådlaust nett i heimen. Vi tilbyr KB Trådlaust, ei solid WIFI-løysing som handterer både mobil, PC, varmepumper, spelekonsollar, alarmar og alt anna som treng nettilgang.
Pris per månad (inkl. serviceavtale):
• 1 eining: kr 49
• 2 einingar: kr 99
• 3 einingar: kr 149
• 4 einingar: kr 199
🏷️ Kampanje: kr 0 i etablering ved henting på Heiamyro 3A – gjeld ut august 2025!
Kr 990 i etablering for montering av montør.
📍 Lokal service i heile Kvinnherad
🔧 Vi kan feilsøkje og rette feil på utstyret – det kan vi ikkje gjere med butikk-kjøpte løysingar.

👉Bestill enkelt her.
Lokal service i heile Kvinnherad - frå den eine enden til den andre.

🤝 Tusen takk for at du er kunde hos oss!
Treng du hjelp eller har spørsmål?
📞 Vi er her for deg – berre ta kontakt via kundesenter på telefon 53475640 eller post@kband.no.
🌍 Global oppleving. Lokal service.