Telia varslar at eldre TV-boksar straks blir fasa ut. Desse TV-boksane har forelda programvare som gjer at dei ikkje kan ta imot oppdateringar, og desse vil slutte å fungere frå 1. juni 2025.
Desse tv-boksane vil ikkje lenger fungere frå 1. juni 2025:

Nokre har allereie teke i bruk ein eller fleire av den nye Telia TV ‑boksen og har samstundes eldre boksar registrert.
Dersom du treng å erstatte den gamleTV-boksen (ein eller fleire), må vi be deg om å fylle ut skjemaet under.
Dei gamle tv-boksane blir fjerna i frå kontrakten 31.05.25.
Vi håpar på snarleg tilbakemelding for å sikre utrulling av nye boksar så snart som mogleg.
Mange av kundane våre har skifta ut TV-boks med å bruke eigen Apple TV eller ved å laste ned Telia Play-appen direkte på ein smart-TV. Les meir her om dette kan vere eit alternativ for deg.
Prisen er kr 499,- for etablering og kr 49,- i månadsleige gjelder per nye TV-boks. Dei nye boksane inkluderer moglegheit for opptak på inntil 500 timar.
Har du spørsmål, send oss ein e‑post til post@kband.no eller ring telefon 53475640.
Nytt utstyr kan hentast i Heiamyro 3A, 5460 Husnes, kvardagar mellom kl. 08.00 og 15.00.
Vi treng skriftleg bestilling og ber deg difor om å vere venleg og fylle ut skjemaet under innan 01.05.2025, slik at vi kan gjere klart det antal TV-boksar du ønskjer å hente.