Visste du at som Kvinnherad Breiband AS og Telia-kunde har du tilgang til TV-abonnementet ditt overalt?
Utnytt moglegheitene dine med Telia fullt ut ved å laste ned Telia-appen på duppedingsen din!
Slik gjer du for å få tilgang til TeliaPlay og app:
1. Gå inn på www.teliaplay.no via ein nettlesar
2. Trykk på “Glemt passord“
3. Skriv inn telefonnummeret ditt som brukarnamn
4. Få eingongskode på SMS, og lag deg eit passord
5. Last ned Telia app på mobil/iPad
6. Logg inn med telefonnummer som brukarnamn og det passordet du laga deg på teliaplay.no
Du kan laste ned Telia Play-appen på følgjande einingar:
- LG Smart-TV-ar: Appen kan lastast ned direkte frå LG si Smart-TV-plattform.
- Android TV-ar: Dette omfattar merke som Philips, Sony, Bang & Olufsen, Grundig og andre som nyttar Android TV-operativsystemet.
- Apple TV: Appen er tilgjengeleg for nedlasting på Apple TV-einingar.
For å installere Telia Play-appen, gå til app-butikken på TV-en din, søk etter «Telia Play» og følg instruksjonane for nedlasting og installasjon.
Hugs at tilgjengelegheita av appar kan variere avhengig av TV-modell og region. Det kan difor vere lurt å sjekke app-butikken på TV-en eller produsenten si nettside for oppdatert informasjon om kva appar som er tilgjengelege. Dersom din tv-modell er av eldre type vil du gjerne vere avhengig av tv-dekoder direkte frå oss, eller eigen Apple TV.
Slik ser den nyaste tv-dekoderen til Telia ut:
Denne kan du leige gjennom Kvinnherad Breiband for kr 49 pr månad.
Etablering for oppgradering frå eldre type til ny type er kr 499.
Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål. Vi hjelper så godt vi kan.