Faktura til juridisk eigar — anna betalar?

Vi vil informere om at vi frå 01.05.24 går over i eit heilt nytt fak­turasys­tem.
Det nye sys­temet krev endring av betal­ingsme­tode for alle våre kun­dar som sjølv står som juridisk eigar, men med «anna beta­lar». Juridisk eigar må fram­et­ter sjølv også stå som fak­tu­ramot­takar.
For alle våre kun­dar som har «anna beta­lar» vil samtlege frå 1. mai få fak­tu­ra direk­te via efaktura/avtalegiro (eller e‑post/post).

Tips!
Det kan difor vere lurt å kon­tak­te arbeidsgivar/anna beta­lar for dia­log og eventuelt avk­lare sum til kom­pen­sasjon, kvar månad.
Dette er typisk ein kom­pen­sasjon som kjem saman med hov­udlø­na som ei eiga lin­je på lønsslip­pen.

Merk at dei fleste i dag gått over til månad­leg kom­pen­sasjon på løn kvar månad frå arbei­ds­gi­var.

VINN — VINN.
Dette gir større flek­si­bilitet i forhold til pro­dukt, samt også foren­klar ein pros­ess for arbei­ds­gi­var i sam­band med at arbei­d­stakarar skif­tar jobb. Det vil også alltid vere juridisk eigar som får purring ved for sein betal­ing. Våre kun­dar vil difor ha endå betre kon­troll ved å mot­ta fak­tu­ra direk­te.

Kva treng du?

Denne endringa gir deg som vår kunde større val­fri­heit til å vel­je blant våre ulike inter­nett hastigheit­er og ikkje minst pakkeløysin­gar med inter­nett og TV-strøyming.
Det kan gi flek­si­bilitet til å finne pro­dukt og ten­ester tilpas­sa dine eigne behov.

Frå og med mai blir fak­tu­ra sendt direk­te til deg som beta­lar.
Vi opp­modar difor allereie no til å gå i dia­log med arbei­ds­gi­var (eventuell anna beta­lar) for å avk­lare sum for refusjon på kost­naden som allereie i dag er dek­ka av “anna beta­lar”.

For å få over­gan­gen så flek­si­bel som mog­leg sender vi deg her ein over­sikt på løpande pro­dukt og pris­ar per i dag. 

Pakkeløysin­gar:

…..eller berre internett:

Fak­tu­ra for mai månad vil ha for­fall 15. mai, slik at du fram­leis har litt tid på å avk­lare dette med arbeidsgivar/anna beta­lar.

Vi ser fram til å til­by deg gode breibands ten­ester no og i framti­da.

Ta gjerne kon­takt om du har spørsmål til oss. Vi hjelper så godt vi kan.

Hels­ing,

Kvinnher­ad Breiband AS